Rideskulen tek fri og startar oppatt i veke 46.

Postet av Stord Hestesportlag den 24. Okt 2017

Hei,

Rideskulen og våre skulehester tek 14dg fri, før me startar oppatt med nye kurs i veke 46.

Pågåande kurs har siste ridetime denne veka (23-26.10.17).
Dykk som allereie går på kurs har automatisk plass videre, dersom De ynskje sei opp plassen - vennligst gi beskjed til instruktør eller send email til stord.rideskule@sklbb.no



Har du lyst å byrje på ridekurs?
Send email og meld din intr, alder på elev og tidligare erfaring innan hest og ridning.

Velkommen, eksisterande og nye elever, til nytt ridekurs i veke 46 :)



0 Kommentar

Oppstart rideskule - LEDIG PLASS TIL NYE ELEVAR (FULLT)

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Aug 2017

Hei,

Me ynskjer gamle og nye elevar velkomne til rideskulestart i veke 34.
Måndag 21/08/17
Tysdag 22/08/17
Onsdag 23/08/17
Torsdag 24/07/17

De som har gått på kurs hos oss i vår vil automatisk ha plass videre om det ynskjer det. De høyrer frå oss i løpet av veke 32 når me byrjar å setje opp kursa. Noko omrokkering kan førekoma.

Me har ledig plass til nye elevar, både nybyrjarar og viderekomne.
Send email til stord.rideskule@sklbb.no for påmelding/meir informasjon.

Kursa går over 10 gonger og kostar kr 2500,
Det vert rideskule fri i veke 41 (09-13 oktober) grunna haustferie.




0 Kommentar

Rideleiren 26-30.2017

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Jul 2017

I veke 26 arrangerte me rideleir på Stord hestesportsenter.
Me hadde 9 kjekke jenter på leir hos oss.

Alle vart fort venar og me hadde mange kjekke leikar fyrste dagen. Me har ridd på kjepphester og hatt stevne i sprang og dressur, ridd på badetur til ådlandsvatnet med hestane og bada i kulturhuset. Me har og gjort stallarbeid og fora alle måltid kvar dag, jammen var jentene glade for at kokken Michelle sørgja for god mat heile veka.

Veka vart avslutta med eit lite sprangstevne der foreldre og besteforeldre fekk komme å sjå på, alle fekk sløyfer og fleire syntes det var trist å reise.

Me gleder oss til neste gong!


Fleire bileter i galleriet vårt.




0 Kommentar

Ynskje du privat time i sumar?

Postet av Stord Hestesportlag den 22. Jun 2017

Dersom de tykkjer det er lengje å gå hele sumaren vekke frå hesteryggen, har me anledning til å ta imot privattimar. Kontakt Michelle Tveitnes på SMS, tel. 41347946


Pris for privat time, kr 320

Pris for time, fleire ilag, kr 250 pr stk. (Max 4 stk pr time)




Bilderesultat for funny horse


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline