Velkommen til juleshow 09. og 10. desember

Postet av Stord Hestesportlag den 5. Des 2017

Vel møtt store og små til juleshow på Stord Hestesportsenter!
Me gler oss til å sjå dykk der!


0 Kommentar

Borneridning sundag 19.november

Postet av Stord Hestesportlag den 10. Nov 2017



Sundag 19.11 inviterar Stord Hestesportlag til borneridning i Tysemarkjo.

Ridning kr 30,-

Det vert og open kiosk med sal av variert føde for både store og små.

Vel møtt alle!







0 Kommentar

Rideskulen tek fri og startar oppatt i veke 46.

Postet av Stord Hestesportlag den 24. Okt 2017

Hei,

Rideskulen og våre skulehester tek 14dg fri, før me startar oppatt med nye kurs i veke 46.

Pågåande kurs har siste ridetime denne veka (23-26.10.17).
Dykk som allereie går på kurs har automatisk plass videre, dersom De ynskje sei opp plassen - vennligst gi beskjed til instruktør eller send email til stord.rideskule@sklbb.no



Har du lyst å byrje på ridekurs?
Send email og meld din intr, alder på elev og tidligare erfaring innan hest og ridning.

Velkommen, eksisterande og nye elever, til nytt ridekurs i veke 46 :)



0 Kommentar

Stevner i september og oktober

Postet av Stord Hestesportlag den 12. Okt 2017

Landsstevne i sprang

Stord Hestesportlag arrangerte for første gong landsstevne i sprang helga 22.-24.09.17 Det var 96 ekvipasjar påmeldt og desse kom frå 18 forskjellige klubbar. Dei som kom reisande lengst borte frå kom heilt frå Ski.

Været var veldig fint, og sjølv om stevnet var innandørs, var det veldig godt å ha sol ute når ein varma opp. Alt gjekk veldig fint, og me fekk gode tilbakemeldingar.  Lørdag kveld vart det arrangert rytterfest på Stalloftet, der det vart servert Tapas. Her var ca. 50 personar, både store og små, samla til ein koseleg kveld.

Distriktsstevne i kjøring, dmp

Helga 7.-8.10. arrangerte klubben for første gong kjørestevne der ein konkurrerte i både dressur, presisjon og marathon. Tidlegare har me berre hatt kjørestevne i dressur og presisjon. Det var mykje som måtte ordnast før stevnet. Med Liv Marit i spissen vart det utført mange dugnadstimar i forkant for å gjere klart til stevnet. Det vart og lagt ned mange timar i å lage hinder til marathonløypa. Det vart eit vellukka stevne, og ei god trening for oss som arrangørar før me skal ha NM for fjordhest sommaren 2018.


0 Kommentar

Referat oppstallørmøte 27/08/17

Postet av Stord Hestesportlag den 31. Aug 2017

Her finn De referat på tema som vert gjennomgått på oppstallørmøte på Stord Hestesportsenter 27.08.17


0 Kommentar

Medlemsfest

Postet av Stord Hestesportlag den 29. Aug 2017

Hald av datoen 11.11.17. Då vert det fest i kafeen på nedre senter for alle medlemmane.

Meir informasjon kjem.


0 Kommentar

Oppstart rideskule - LEDIG PLASS TIL NYE ELEVAR (FULLT)

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Aug 2017

Hei,

Me ynskjer gamle og nye elevar velkomne til rideskulestart i veke 34.
Måndag 21/08/17
Tysdag 22/08/17
Onsdag 23/08/17
Torsdag 24/07/17

De som har gått på kurs hos oss i vår vil automatisk ha plass videre om det ynskjer det. De høyrer frå oss i løpet av veke 32 når me byrjar å setje opp kursa. Noko omrokkering kan førekoma.

Me har ledig plass til nye elevar, både nybyrjarar og viderekomne.
Send email til stord.rideskule@sklbb.no for påmelding/meir informasjon.

Kursa går over 10 gonger og kostar kr 2500,
Det vert rideskule fri i veke 41 (09-13 oktober) grunna haustferie.




0 Kommentar

Referat styremøte SHS 30.07.17

Postet av Stord Hestesportlag den 31. Jul 2017

Referat frå styremøte 30.07.17 i Stord Hestesportsenter AS ligg no i filarkiv. Sjå her.


0 Kommentar

(AVLYST) RIDELEIR Veke 32 - 2017

Postet av Stord Hestesportlag den 19. Jul 2017

Stord Hestesportlag inviterer til rideleir med overnatting i veke 32, 03-07/08/2017.

Meir info finn De her.




0 Kommentar

LEDIG STALLPLASS

Postet av Stord Hestesportlag den 19. Jul 2017

Me har ledige stallplasser på Stord Hestesportsenter frå hausten av.

Pris pr boks er kr 2000, dette er inkl frukostforing, utslepp og middagsforing.
Kvelds- og helgeforing går på rundgang blant oppstallørene.

Boksleiga inkluderar anleggsleige og bruk av senterets fasiliteter:
62*22m innvendig ridehall  m/direkte ankomst frå stallene,
Utendørs 60*40m ridebane.
Rundt 200m frå hovedstall, har me ytterligere ein ridehall som fritt kan benyttes av oppstallører alle dager utenom rideskulen.
Travløype.
Vaskespilter.

Ukentleg sprang og dressurtrening med tilreisande instruktører.
Månadleg instruksjon i køyring og islandshest.
Info ang. trening her.


Ytterligere variable kostnader ein kan kjøpe v/oppstalling:
Samo kr 400 ponni/600 hest pr. mnd.
Sponpellets kr 75 pr. sekk.


Me har ensilasje og dei mest vanlige Champions kraftfor typene.
Forkostnad pr 01/01/17 finn De her. (Forkostnader vert oppdatert jevnleg ift kostpris.)


Informasjon ang. regelverk på senteret og kontrakt kan du sjå her.



Ved intr eller spørsmål send email til stord.hestesportlag@sklbb.no ,

evt. kontakt Eirill Hatlevik tel. 41915866 / Christine Sæle tel. 99389080




0 Kommentar

Rideleiren 26-30.2017

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Jul 2017

I veke 26 arrangerte me rideleir på Stord hestesportsenter.
Me hadde 9 kjekke jenter på leir hos oss.

Alle vart fort venar og me hadde mange kjekke leikar fyrste dagen. Me har ridd på kjepphester og hatt stevne i sprang og dressur, ridd på badetur til ådlandsvatnet med hestane og bada i kulturhuset. Me har og gjort stallarbeid og fora alle måltid kvar dag, jammen var jentene glade for at kokken Michelle sørgja for god mat heile veka.

Veka vart avslutta med eit lite sprangstevne der foreldre og besteforeldre fekk komme å sjå på, alle fekk sløyfer og fleire syntes det var trist å reise.

Me gleder oss til neste gong!


Fleire bileter i galleriet vårt.




0 Kommentar

Satsingsklubb

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Jul 2017

Stord Hestesportlag er blitt tatt opp som deltakarar i Norges Rytterforbund sitt klubbsatsingsprogram.

Me valgte i første omgang å søke for nivå 1 - satsingsklubb.

Deltakarar frå styret vil i september reise til Lillestrøm for oppstartssamling.
Meir info kjem ila hausten. Dette vert spennende!


For øvrig, kan ein lese meir om klubbsatsingsprogrammet på nryf sine sider.




0 Kommentar

Oversikt over treningar og betalingsinformasjon

Postet av Stord Hestesportlag den 29. Jun 2017

Informasjon om treningar og betalingar 2017

Det er faste treningar i sprang og dressur kvar veke, og helgetreningar mange gonger i året.

Alle treningar skal betalast inn til kontonummer 1503.42.97271 på førehand.

Prisar: Sprang kr 210 pr. time

Dressur kr 310 pr. time om du rir åleine eller kr 260 om du deler time.

Merk betaling med namn og dato.

Dei som rir fast må betale for 5 gongar i slengen.

Ansvarlege for å setje opp timar:

Treningar

Mandag

Tirsdag

Onsdag

Torsdag

Dressur med May Elise Skauvik

Siren E. Hinderaker

92220894

Ena Ulversøy

97585153

Sprangtrening Anne Marte Sævareid

Marit Løkhammer

92850902

Sprangtrening Ina Wasmuth

Siren E. Hinderaker

92220894

Dato for helgetreningar vert lagt ut i god tid.

Helgetrenarar hos oss er:

Ove Natland – Dressur og kjøring- påmelding til Siren E. Hinderaker

Maria Henriksson – Kjøring- påmelding til Liv Marit Sjo

Peter Flam – Sprang- påmelding Erill Hatlevik

Anita Sande – Sprang – Siren E. Hinderaker


0 Kommentar

Ynskje du privat time i sumar?

Postet av Stord Hestesportlag den 22. Jun 2017

Dersom de tykkjer det er lengje å gå hele sumaren vekke frå hesteryggen, har me anledning til å ta imot privattimar. Kontakt Michelle Tveitnes på SMS, tel. 41347946


Pris for privat time, kr 320

Pris for time, fleire ilag, kr 250 pr stk. (Max 4 stk pr time)




Bilderesultat for funny horse


0 Kommentar

17.mai tog - Stord Hestesportlag

Postet av Stord Hestesportlag den 16. Mai 2017

Stord Hestesportlag invitere alle medlemmar til å gå i borgertog på 17.mai !

Me stiller med Gandalf og fane på Leirvik i år som i fjor, og oppfordrar flest mogleg til å delta.

Still gjerne i stevneklede eller vanleg rideutstyr- eller i finstasen :)


OPPSTILLING: Kl.15.00 på Torget plass Nr.12.
Toget går kl. 15.30

Vel møtt alle :)


Bilderesultat for 17 mai flagg


0 Kommentar

LEDIG PLASS PÅ NYBYRJAR KURS

Postet av Stord Hestesportlag den 8. Mai 2017

Me har eit pr ledige plasser for nybyrjarar i rideskulen.


Onsdager kl 18:00

Torsdager kl. 17:00


Kurset fylgjer skuleruta og har 6 ganger igjen før sommarferien.

Pris: 1500

Kurset passer for elever i alder 7-15 år uten noke særlig tidligare erfaring.
Plassene vert fullt opp fortløpande, så her er det første mann til mølla :)


Send email til stord.rideskule@sklbb.no ved intr-
Evt. ta kontakt pr tlf 99389080.


Minner at elever i rideskulen også må verre medlem i Stord Hestesportlag, meir info her.


Mvh
Christine Sæle
Rideskuleansvarleg


Bilderesultat for funny horse drawing


0 Kommentar

Nye kurs i rideskulen (LEDIG PLASS)

Postet av Stord Hestesportlag den 19. Apr 2017

Nye kurs er satt opp og går frå veke 17 og fram til sumarferien byrje.


LEDIG NYBYRJAR KURS MÅNDAG KL 17:00 :

Me startar opp eit nytt nyrbarjar kurs, måndager kl 17:00 frå veke 19, 08.05.17.
Det følgjer skuleruta og held fram til sumarferien, totalt 6 ganger.

Dette kurset passer for elever i alder 8-15 år uten noko særleg tidligare erfaring.
Ved intr send email til stord.rideskule@sklbb.no






Mvh

Christine Sæle
Rideskuleansvarleg


Bilderesultat for rideskule


0 Kommentar

Aktivitetskalender

Postet av Stord Hestesportlag den 16. Apr 2017

Aktivitetskalender april-august 2017
Nedre hall
KlokkeslettMandagTirsdagOnsdagTorsdagFredagLørdagSøndag
1000-1300Ledig hall på kvardagar, med mulighet til å kjøre ved avtale dagen i forvegen.Kontakt Marit Løkhammerkan ha sprangtrening 1030
1300Horvinghorvinghorvinghorvinghorving-1300
Ingen ingen andre faste aktivitetar
1500Dressurtimar i halve banen Dressurtimar i halve banenfasteutanom arrangement
1600Dressurtimar i halve banenKjøring16-17 Dressurtimar i halve banenaktivitetar
1700Dressurtimar i halve banenSprangtreningSprangtreningDressurtimar i halve banen kjøring 17-19
1800Dressurtimar i halve banenSprangtreningSprangtreningDressurtimar i halve banen kjøring 17-19
1900Dressurtimar i halve banenSprangtreningSprangtreningDressurtimar i halve banen ingen andre
2000Dressurtimar i halve banenSprangtreningSprangtreningDressurtimar i halve banen faste aktivitetar
2100Dressurtimar i halve banenSprangtreningSprangtreningkjøring 21-22 utanom
2200Dressurtimar i halve banen kjøring 21-22 arrangement
2300Stengtstengtstengtstengtstengt stengt
NB! Det er ikkje lov å sleppe hestar i innebanen.
Øvre hall
Rideskule frå 1700-2000Rideskule frå 1700-2000Rideskule frå 1700-2000Rideskule frå 1700-2000LedigLedigLedig
NB! Det er ikkje lov å sleppe hestar i banen frå kl. 1300-2000 pga horving og rideskule
Ovalbanen
Ingen faste treningar sett opp nokre dagar
Nedre utebane
Aktivitetar inne vert flytta ut ved fint vær. Det er lov å kjøre ute dersom banen er ledig. Ryttarar har førsterett, og ein må evt. gjere avtale om lov å kjøre samstundes om ryttar er over 16 år og hesten toler vogn.
at hestane toler vogn i banen.
NB! Det er ikkje lov å sleppe hestar etter at banen er horva kl. 1300 før treningar.

0 Kommentar

Nye mailadresser

Postet av Stord Hestesportlag den 16. Apr 2017





Me har opprettta to nye mailadresser:

Ein for saker til styret: styret-stord.hestesportlag@haugnett.no

Ein til stevner: stevne-stord.hestesportlag@haugnett.no

Minner om epostadressa til rideskulen: stord.rideskule@sklbb.no



0 Kommentar

Årsmelding 2016

Postet av Stord Hestesportlag den 23. Mar 2017

Årsmelding 2016 er lasta opp og ligg no i filarkivet



0 Kommentar

Silje og Lola vann

Postet av Stord Hestesportlag den 19. Mar 2017

Me gratulerar Silje Hatlevik og Lola med kjempeflottresultat i Vintercupen. Ho vart både klassevinner i 120 cm og vann Vintercupen i denne klassen!

Me gratulerar og Lise Hatlevik med 3.plass i 110 cm.


0 Kommentar

Invitasjon til årsmøte 2016 i Stord Hestesportlag

Postet av Stord Hestesportlag den 1. Mar 2017

Årsmøtet vert halde på Stord Hestesportsenter, 30.03. kl. 1900. Sjå heile invitasjonen under:

Invitasjon-årsmøte-20161.docx


0 Kommentar

Medlem 2017

Postet av Stord Hestesportlag den 27. Feb 2017

Husk å betale medlemskontigenten for 2017


0 Kommentar

Dressurstevne helga 18. og 19. februar.

Postet av Stord Hestesportlag den 17. Feb 2017

Helga 18. og 19. februar arrangerar me dressurstevne. Stevnet er 3. avdeling i Hordaland Rytterkrets sin vintercup. Kom og sjå mykje fin riding, møt andre hesteinteresserte og kjøp god mat i kiosken vår:) Vel møtt:)


0 Kommentar

Me har fått lærling

Postet av Stord Hestesportlag den 9. Jan 2017

Me vil ynskja Rebekka Hamre Vassdal velkomen som lærling på Stord Hestesportsenter:)


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline