Romjulsleir 27-28. Desember

Postet av Stord Hestesportlag den 18. Des 2018

Torsdag 27/12 og fredag 28/12 inviterer vi barn til romjulskos i øvre Stall. 


Kl 9-15 begge dager.


Ridning, lek, lunsj, stallarbeid og masse kos med alle våre 12 hester.


Pris kr 1500; inkl lunsj.


Velkommen, alle aldre og nivå !

Påmelding til : Stord.rideskule@sklbb.no 




0 Kommentar

JULESHOW 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 17. Des 2018

For 5. året på rad arrangerte Stord Hestesportlag juleshow. Showet var veldig kjekt for både vaksne og born, og det var veldig godt gjennomført. Rideskulen stod for mange av innslaga og var kjempeflinke.  

På laurdagen var det 169 tilskodarar fordelt på tribune og i kafèen, herav 123 vaksne og 46 born. Søndag vart det solgt 140 inngangsbillettar; 94 vaksne og 46 born.
Samanlagt, både laurdag og søndag, underhaldt me eit publikum på totalt 309 personar, i tillegg til alle som bidrog for å få showet rundt.

Godt jobba alle saman:) 

Her er link til artikkel i Sunnhordland.

http://www.sunnhordland.no/kjop-tilgang?aId=1.2549790


790


0 Kommentar

Velkommen til Norwegian Horse Festival 2019

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Des 2018

Der hestemennesker møtes

20. – 24. februar 2019 arrangeres Norges største hestefestival gjennom historien i Lillestrøm. I fem dager kan du oppleve konkurranser av internasjonalt og nasjonalt format, show, shopping, seminarer, clinics, prisutdelinger, konserter og festligheter. 

- Alle som er glade i hest vil ha glede av å komme på Norwegian Horse Festival. Det er god sportslig deltakelse og høy showfaktor, sier arrangør Eirik Berentsen. 

En rekke grener og temaer blir representert i løpet av det fem dager lange arrangementet – og programmet er fylt opp fra tidlig morgen til sen kveld. Dyktige hestemennesker er invitert til å holde clinics for å dele sin kunnskap med publikum, og flere av Norges og Europas beste ryttere stiller til start i de nasjonale og internasjonale konkurransene. Det blir store messeområder, eget Horseland for de yngste, god matservering og best av alt: svært sentralt, på Norges Varemesse i Lillestrøm, kun 10 minutter med tog fra Oslo Lufthavn.

- Hvis du ønsker å være med på denne festen bør du sikre din billett allerede nå, sier Berentsen.


Billettsystemet denne gangen er helt nytt, og fungerer på samme måte som de har det på store hestearrangementer i Sverige og Danmark. Du kjøper først en grunnbillett (daypass) som gir deg inngang til messeområdet, noen av klassene og spiseområdet. I tillegg kjøper du billett til de postene på programmet du ønsker å se.


- Det gir deg mulighet til å komme når det passer deg, og at du får med deg akkurat det du vil se, forklarer Berentsen.


Ønsker du å bestille din billett til Norwegian Horse Festival kan det være lurt å være tidlig ute! Det gjør at du kan sikre deg billett til god pris, og at du kan sikre deg plass i den sonen du ønsker å sitte i, hvis du ønsker å se på noe i Arena 1. 


 Så hva venter du på? Bli med på årets største hestefest! Sikre din billett til Norwegian Horse Festival allerede nå!

www.hestefrelst.no
 https://tikkio.com/tickets/6579-norwegian-horse-festial



0 Kommentar

Sprangstemne 02/12 - oppdatering

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Des 2018

Kl. 11:00 søndagføremiddag braka det laus med sprangstemne på Stord Hestesportsenter.
Banebyggjar Christian Hoff hadde laga til nokre utfordringar i dag, men det vart løyst på godt vis frå ekvipasjane.

Det starta med 4 vinnarar i 0.50m, der målet var å kome igjennom feilfritt:
Eira Løvland, Leah Smedvig Nesse , Sarah Birkeland Kårtveit og Lisa Førland. 


Vidare i 0,60m vart det,idag også, siger på Thea Handeland, foran Mari Meland på 2. plass.

Ponni LC vann så Frida Løvland.

Hest LD - 0.80m vann gledeleg nok Emily Birkeland Kårtveit

I klassen 0.90m var det sett opp klubbmeisterskap og den vann Mia Solemdal Djuve og Dio Stevie G både klassen og klubbmeisterskapet, med Hanne Hellessen Aasheim som nr. 2. i klassen.

Hest LC - 1.0m in gysare. Frida Løvland vann denne føre våre to - Nina Oppedal Aasheim og Mia S. Djuve.

Veldig kjekt at Lise Hatlevik vart både vinnar og klubbmeister i 1.10 m.

Siste klasse var 1.20m der Silje Jeanette Bringedal frå Haugesund Rideklubb gjennomførte med stil.

For dei som lurer på meir utfyllande resultata frå stemnet finn de dei på Equipe.  

Og med det var årets siste stemne for Stord Hestesportlag unnagjort - me ser fram til eit vel nytt stemneår i 2019. Neste års terminliste er forøvrig lagt inn i kalenderen vår.

(Mia S. Djuve og Dio Stevie G - vinnar og klubbmeister 0,90)


0 Kommentar

Dressurstemne 01/12 - oppdatering

Postet av Stord Hestesportlag den 1. Des 2018

Idag var det dekka for eit lite dressurstemne på Stord Hestesportsenter.

Første klasse ut, var LC - der var det 4 ekvipasjer til start. Vinnar blei Eirill Hatlevik og Posilipo med 62,0 %.
Denne klassen inneheld også klubbmeisterskap, med Eirill som førebels leiar i klubbmeisterskapet. Øvrige deltakere i klubbmeisterskapet går i siste klasse, klubbklasse LC.

Andre klasse, LB, hadde kun 2 ekvipasjer som deltok og vinnaren blei Liv Marit Sjo og Blikra Lindskjolden med 60,0%.


Tredje og siste klasse var klubbklasse LC, her var det 5 ekvipasjer til start - herav vert det 2 plasserte.
1.de plassen gikk til Thea Handleand og Birk med 57,60% og 2. plassen gjekk til Kjersti Kolstå og Hårek med 56,52%.


Då Eirill Hatlevik og Posilipo står med høgast prosent av begge LC klassane - vart hu klubbmeister 2018 i Dressur LC !

Gratulera så mykje til alle saman!

Øvrige resultater finn De her.


Imorgo, søndag 02/12, er det sprangstevne. Startlister finn det her.
Stevnestart kl. 11:00 og open kafê. Vel møtt !


(Klubbmeister Dressur LC 2018 - Eirill Hatlevik og Posilipo)



0 Kommentar

Stevne 1. og 2.12

Postet av Stord Hestesportlag den 17. Nov 2018

Helga 01. og 02.12. vert det distriktstevne i dressur og sprang. Laurdag er det dressur med innlagt klubbmeisterskap, og søndag er det sprang med innlagt klubbmeisterskap. Meld dykk på, eller kom og sjå fin riding og et god mat i kafèen vår:)


STORD

D-Dressur 01.12.2018 og D-Sprang 02.12.2018

STOR

Ok Distriktstevne i dressur inkl. Ferd Comebackcup


0 Kommentar

Sunnhordland travlag på V75 på Bergen travpark

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Nov 2018

Lørdag 27. oktober var det V75 på Bergen travpark. Me var ein gjeng på 12 personar frå Sunnhordland Travlag som reiste. Me hadde avtalt med Vestenfjeldske travforbund at me kom, og Jan Skjoldal som sit i styret, hadde arrangert det slik at me fekk møte Jan Gjennestad som er forbundsleder, og han tok godt imot oss, viste oss rundt på området, og tok oss med inn i travstallen til Odd Storetvedt, som er ein av dei fremste kjøretrenarane no.  Odd Storetvedt kom sjølv og viste oss stallen og hestane, og forklarte oss om drifta. Han driv stallen saman med den eine dottera si. Dei har 16 hestar i trening. Hestane vert kjørt, går på tredemølle, og er ute i luftegård. Me fekk og kikka på hesten Galileo som gjekk løp seinare på dagen. Han kvilte godt i boksen då me var der, og såg ut til å lade godt opp. 

Etter omvisning i stallen gjekk me bort til restauranten ved travparken, der me fekk sitje i eit eige rom med god utsikt over banen. Jan Gjennestad forklarte oss som var litt uvitande om korleis tipping og slikt føregår, kva me kunne tippe på, og så leverte me inn nokre kupongar og åt kjempegod buffe. Nokre var heldigare enn andre i tipping, men det var kjempespanande heile tida😊  


0 Kommentar

Rebekka bestått fagprøve

Postet av Stord Hestesportlag den 22. Okt 2018

Hipp hurra for lærlingen vår, Rebekka Hamre Vassdal, som fekk bestått fagprøve forgje veke.

Fagprøven gjekk over 3 dager.
Onsdag 17/10, vart fagprøven utlevert og etter 24 timar førebuing var det praktisk framføring og gjennomføring torsdagen. Fredag vart nytta til evaluering og det enda med vel godkjent fagprøve.


Gratulera så mykje til Rebekka, som no kan kalla seg hestefaglært fagarbeidar, me er kjempe stolte! :)

Rebekka fortset vidare hos oss på deltid.


Søndag 21/10 reiste Rebekka til Rosendal på utstilling med det nye hoppefølet sitt, Driva.
Driva er 5 månedar gammalt. Hu fekk 8 i totale eksteriør på den uoffisielle utstillinga.
No har Driva flytta inn på Stord Hestesportsenter, Øvre Stall - og me håper dei kjem seg godt til rette!






0 Kommentar

Medlemsfest

Postet av Stord Hestesportlag den 21. Okt 2018

Haustfest for rideklubben sine medlemmar

Me lagar til korgafest laurdag 10.11. kl. 1900 i kafèen på ridesenteret. 

Første del av festen er open for alle medlemmane, men frå kl. 2200 er det berre for dei over 18 år. 

Ta med eit fat eller to med noko du har lyst å ete. Skriv gjerne på facebook  kva du vil bidra med, slik at det vert litt variasjon i menyen. Det vert sal av brus, og ynskjer du anna drikke må du ta med sjølv. 

Det vert litt underhaldning, men me treng meir😊 Om du har noko du har lyst til å bidra med så ta kontakt med Atle, Margunn, Åshild eller Ena.

Sjå og meldt intr. på arrangementet på facebook.

Velkomen😊


0 Kommentar

Klubbstevne søndag 7. oktober 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 7. Okt 2018

I dag har me hatt eit flott klubbstevne! 

Heile 14 startande, og av desse var 9 av dei startande frå rideskulen. Mange flotte debutantar, og fin stemning. Dei rei eit lett C program. 

Fyrste plassen vart delt og vinnarane var Nora Paulsen Kirkegaardens Jupiter og Mia Solemdal Djuve som begge hadde 66,4 % og likt alment inntrykk. Tredje plassen gjekk til Karen Emilie Hovland Kyle på Hårek med 60,4% og allment inntrykk 65,7 og fjerde plassen gjekk til Thea Handeland på Birk med 60,4% og allment inntrykk på 61,4.

Me gratulerer så mykje! Og håpar at dette vart ei fin oppleving for alle, og at endå fleire vert med neste gong me arrangerer klubbstevne!


(Frå høgre: Nora Paulsen, Mia Solemdal Djuve, Karen Emilie Hovland Kyle og Thea Handeland)


0 Kommentar

Klubbstevne i dressur

Postet av Stord Hestesportlag den 2. Okt 2018

Det vert klubbstevne i dressur søndag 7.10. Klassane vert LC 3 og LB 3.

Stevnet startar kl. 10,  og me har open kafè:) 

Påmelding til stevne-stord.hestesportlag@haugnett.no


Velkomen!


0 Kommentar

L-Sprang Dag 1

Postet av Stord Hestesportlag den 21. Sep 2018


Til trass for eit par heftige regnbyger som nokre av deltakarane fekk oppleva under utandørsoppvarminga, gjekk første stemnedag veldig fint.

Dagen starta med ein distriktsklasse i 90 cm der Stord Hestesportlag sin eigen comeback-seniorrytter, Eirill Hatlevik, tok sigeren med Posilipo.  Ho fekk 0 hinderfeil og 73,5 i stilpoeng!

Klasse nr. 2 var også ein distriktsklasse der høgda var heva til 1,00 m. Her var det ein ekvipasje frå Bergen Rideklubb som stakk av med sigeren;  Alette Hordnes Hoff med hesten Natalie (II) vann med  0 hinderfeil og  79,0 i stilpoeng. Denne klassen inngår også som første avdeling i Stord Cup Minitur. 

 2. avdeling går i morgon, laurdag, og finalen går på  søndag. Resultat etter 1. avdeling finn de her.


Tredje klasse var  1,10 m, bedømming her var feil og tid. Sigeren gjekk til Vilde Neteland og Easy Belig frå Bergen Rideklubb. Dei vann med 0 feil og tida 37,15 i andre fase.


Klasse 4 inngår i Stord Cup Lilletur. Her går første og andre avdeling i nemnde høgde, medan finalen går søndag i 1,15 m høgd.
Førebels resultat for Lilleturen finn de her.

Klasse 04 var 1. avdeling i Stord Cup Storetur. Her var det Haugesund Rideklubb sin ekvipasje Tonje Heitmann Eide og Dion(II) som vann med 0 feil og tida 38,90. Her var i hinderhøgda 1,20 m
Stord Cup Storetur resultat finn de her.

Dagens høgaste  klasse var 1,30 m. Her var det ekvipasjen Sandra Bligaard og hesten Winny frå Jarlsberg og Melsom Rideklubb som vann. Dei hadde 0 hinderfeil med tida 57,42.

Så var det ponniane sin tur. I dei to siste klassane skulle ponniekvipasjane ri for best mogleg stilpoeng.
Først ut var LB-ponni der vår eiga  Mia Solemdal Djuve og Dio Steve G vann med 0 feil og 74,0 i stilpoeng 

Dagens siste klasse var LA-ponni. Dette var også 1. avdeling av Stord Cup ponnitur. Her var det Sandnes og Jæren Rideklubb sin ekvipasje Sebastian Kismul Børgesen og Face Facts som vann med 0 hinderfeil og 74 i stilpoeng!
Resultat Stord Cup finn de her.


Øvrige resultat ligg på equipe, samt startlister for morgondagen.


Me ynskjer deltakarar og publikum velkomen attende for ny stemnedag i morgon!
Stemnet startar kl 10:00 og held på utover ettermiddagen.

Vel møtt alle!



0 Kommentar

Landsstemne i sprang

Postet av Stord Hestesportlag den 20. Sep 2018

I morgon brakar det laus med landsstemne i sprang!

Stemnestart fredag 21/09 er satt til kl. 12:30, der det er 83 starter utover dagen.
Startlister finn De her. Resultat vil også kome fortløpande ila morgondagen på same side.

Laurdag startar stemnet kl 10:00, og søndag 09:00
Alle dager under stemnet har me kiosk med både varm og kald mat, drikke og snack.

Stemnet føregår innandørs.
Det er 73 påmeldte ekvipasjer og 45 tilreisande hester som skal vere her hjå oss og konkurrere.

Kom å sjå flott hestesport!

Velkommen til alle :) 



0 Kommentar

Barneridning søndag 14/10

Postet av Stord Hestesportlag den 18. Sep 2018

Me inviterer til borneridning, for både store og små, på Stord Hestesportsenter! 😊

I nedre stall, den store flotte grå bygningen vår. (ikkje øvre stall / rideskule-stallen)



Søndag 14/10.

Kl. 13.00 - 15.30

Kr. 30,- per runde.



Ta med både barn og barnebarn å kos dere i stallen ❣️

Det blir kiosk med deilige kaker, kaffe og mye meir ☺️

Me i stallen ser i alle fall fram til ein strålandes kjekk dag saman med DEG!  

Vel møtt alle!



0 Kommentar

RIDELEIR PÅ DAGTID VEKE 41

Postet av Stord Hestesportlag den 18. Sep 2018

Rideskulen arrangerar rideleir på dagtid i haustferien
Måndag 08. oktober til fredag 12-oktober, kl 09:00 - 15:00.

Ridning, stallarbeid, lek og morro for barn/ungdom i alle aldre.
Begrenset antall plasser.
Pris kr 2600; inkl. lunsj hver dag.
For påmelding send mail: stord.rideskule@sklbb.no 



0 Kommentar

Haustens aktivitetar

Postet av Stord Hestesportlag den 27. Aug 2018

Fylgjende arrangement er på agendaen for hausten:
Klubbens aktivitetskalender er oppdatert.
 
 Stemner:
 L-sprang 21-23/09
 D-Dressur 6-7/10
 D-Køyring (DMP) 27-28/10
 D-Sprang 01/12
 D-Dressur 02/12
 Påmelding via horsepro.no
 
 Øvrige arrangement:
 Anita Sande Trening – 14-15/09.
 Påmelding til Siren Hinderaker
 
 EDG trening (Køyring) – 28-30/09.
 Påmelding til Liv Marit Sjo


 Stallturiltu 04/11.
 Meir info kjem.
 
 Juleshow 15-16/12.  
 Komiteleiar Øystein Djuve.



0 Kommentar

Rideleir på dagtid veke 32 (LEDIG PLASS)

Postet av Stord Hestesportlag den 30. Jul 2018

I veke 32 vert det rideleir på dagtid hos Stord Hestesportlag.

Måndag 06/08 til og med fredag 10/08, kl 08:00 - 16:00

Riding, leik, stallarbeid, bading, mykje kos, lott og løye.

Rideleiren er for barn/ungdom (frå og med 7år), både nybyrjarar og erfarne.


Send email til stord.rideskule@sklbb.no, 
evt. kontakt Siri Laukhamar på tel. 48090919




0 Kommentar

NM-oppdatering

Postet av Stord Hestesportlag den 29. Jun 2018

Beklagar dårleg oppdatering på heimesida vedrørande Fjordhest NM. Me viser til facebooksida der me legg ut informasjon etter kvart. 

I dag er det presisjonskjøring og sprang som foregår. Presisjonsklassane starta kl. 0900 og varer til ca. 1330. Deretter vert det premieutdeling før  sprangklassane startar kl. 1600. Me har open kiosk ved øvre bane og i kafèen. Velkomen:)


0 Kommentar

Invitasjon til ekstraordinært årsmøte

Postet av Stord Hestesportlag den 5. Jun 2018

Det vert ekstraordinært årsmøte i Stord Hestesportlag, onsdag 20.06. kl. 2000 i kafeen på Stord Hestesportsenter. 

Sak: Val av nytt styremedlem 


Vel møtt! 

Styret i Stord Hestesportlag


0 Kommentar

Ny nasjonal hesteveileder

Postet av Stord Hestesportlag den 29. Mai 2018

Ny nasjonal hesteveiledar, Hesten som ressurs

""Hestenæringen- og sporten skapar arbeidsplassar, og har eit stort potensiale for større verdiskaping. Saman med hestenæringen har Regjeringen difor utvikla ein ny nasjonal hesteveiledar som skal vere til hjelp for alle når ein skal samarbeide med etater, kommunar og andre aktørar, og for hestefolket sjølve. ""


Les meir på NRYF sine sider.

Veiledaren finn ein i vårt filarkiv, og på rytter.no.




0 Kommentar

Horsepro over til Equipe

Postet av Stord Hestesportlag den 7. Mai 2018

Som kjend skal equipe erstatte store deler av horsepro sine funskjonar.

Invitasjon og påmelding vil fortsatt føregå i Horsepro.
Startlister og resultat vil vera tilgjengeleg via www.equipe.com 

Oppmodar difor alle å laste ned appen "Equipe".
Me arrangerer distriktstemne i sprang 19-20. mai, og dette programmet vil då verte nytta. 


Dette gjeld for øvrig sprang og dressur. 
Køyring fortsett i horsepro, som før.




0 Kommentar

Ta del i klubbens utvikling?

Postet av Stord Hestesportlag den 7. Mai 2018

Tysdag 08/05, kl 17:30 kjem Jan Jenssen frå Norges Rytterforbund for å ha oppfølgingsmøte med klubben vår.
Oppmoder flest mogle å stille og ta del i klubbutviklinga vår. 

Møte vert i kafeen på Stord Hestesportsenter, det vert enkel servering.


Les meir om NRYF klubbsatsingsprogram her,


0 Kommentar

Invitasjon til Fjordhest NM 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 1. Mai 2018

Då er invitasjon og påmelding til Fjordhest NM 2018, som skal arrangerast på Stord Hestesportsenter 25/06 - 01/07, ute på horspro.no !

Sjå her.


For meir info om arrangementet, sjå heimesida til fjordhest NM 2018.




0 Kommentar

Rideleir Stord Hestesportlag Sommeren 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 16. Apr 2018

Det arrangeres sommerleir i uke 27 og uke 32, med kost og losji. Kr 4800,- pr.person.
Det er mulig å ha med egen hest. (ta med eget kraftfor)

Leiren går mandag til fredag.

Det blir ridning, lek, læring, mestring og sosialt for ryttere på alle nivå. Barn bør være fylt 10 år.
-undervisning i sprang og dressur
-turridning
-gymkhana
-stallarbeid
-foringer
-opplæring i daglig stell av hest
-innkvartering på vårt ridesenter
-kost/losji hele uken
-lek og mange andre aktiviteter

For påmelding, send email til stord.rideskule@sklbb.no 

Påmeldingen er bindende.
Faktura på depositum kr 2000; faktureres ved påmelding. Resterende betales uken før leirstart.

Kontaktperson Siri Laukhamar, rideskoleansvarlig ved Stord Hestesportlag.


0 Kommentar

Faxi stemne - søndag 15/04

Postet av Stord Hestesportlag den 15. Apr 2018

Søndag 15/04 arrangerar Faxi Islandshesteforening klubbmeisterskap på Stord Hestesportsenter.

Stemnet føregår i nedre hall, og ekvipasjane varmar opp på nedre utebane og i travløypa.

Tre av oppstallørane på Stord Hestesportsenter deltek;, Gunnar Gjerde, Arild Haukanes og Ida-Kathrin Nerbøvik. 

Semafix hesteutstyr er også på stend.

Det er open kafè med godt utval under heile stemnet! 


Program for dagen:

Kl. 11:00 - T1 og T2
Kl. 12:40 - T7
Kl. 13:00 - F1

Kl. 13:15 - 14.00 - Pause

Kl 14:00 - V1
Kl 16:15 - V5

Kl. 16:30 - Premieutdeling

Startlister og resultat vert lagt  ut på Faxi si facebook side.





0 Kommentar

INFORMASJONSSKRIV ANGÅANDE FJORDHEST-NM 25.06-01.07

Postet av Stord Hestesportlag den 10. Apr 2018

Denne sumaren vert det arrangert NM for fjordhest hjå oss på Stord Hesteportssenter, i regi av Stord Hestesportslag. I forbinding med dette arrangementet har styret søkt om mange midlar, samt fått innvilga følgande summar:

 

  • 2 000 000,- i fylkeskommunalt investeringstilskot for å utbetre anlegg i forkant av NM.
  • 50 000,- i arrangementsstønad frå fylket.
  • 220 000,- frå Noregs Ryttarforbund i samband med utbygging av maraton-løype samt terrengløype.
  • 5000,- frå greinutvalet i feltritt som tilskot til terrengløype.

 

Desse tilskota har allereie byrja å utarte seg i utbetring av anlegget, i form av t.d nye garderobar, eit flott sponhus, ein ekstra utebane med internasjonale mål, ei trygg turløype rundt sentereigendomen. Desse utvidingane og utbetringane gjer at Stord Hestesportsenter båe vert eit av Noregs største hestesportsenter, samt eit av dei med høgast standard. Fleire utbetringar er undervegs, men desse er avhengige av dugnadsarbeid og ei generell dugnadsånd for gjennomføring. Når det regnar på presten, så dryp det ofte på klokkaren. Desse utbetringane vert våre til disposisjon og utnytting i åra som kjem. Samt gjev dei eit stort sportsleg løft for heile klubben.

 

NM for fjordhest er eit av dei største arrangementa me kan arrangere, noko som generer mykje tilreisande, mange hestar og mengd med aktivitetar. Dette krevjer frivillig innsats frå oss i klubben.

Nm-komitéen samt styret ved Stord Hestesportslag er allereie byrja å jobba med logistikken rundt sjølve arrangementet. Logistikken er så omfattande at me har funne ut at me må kartlegge kven som kan bidra under NM-veka, samt kven som kan arbeide i forkant eller i etterkant av arrangementet. Sett utifrå anlegget me får gjennom utføringa av dette arrangementet, så forventar me at dei aktive medlemmane våre bør kunne vere med å bidra til dette. For dei som har anleiing å leige ut boksen sin den veka, så vert det gitt reduksjon på 800kr i stalleige pr. boks. Det finnes oppgåver og postar for passar for alle, anten ein er 9 år eller 89 år. Rekruttér gjerne frivillige i familien din, eller gjennom vener og bekjentskap. Me treng alle som kan krype, eller gå. Alle må huke av veka 25.06-01.07.18 i kalenderen sin allereie no.

 

For å få framdrift i dette, innkaller komitéen for NM og styret i Stord hestesportslag til eit ekstraordinært medlems- og oppstallørmøte 19.04.18, klokka 19:30, i kaféen på Stord Hestesportssenter. Det er VIKTIG at alle møter på dette.

 

Med beste helsing,

Komitéen for NM/Styret i Stord Hestesportslag


0 Kommentar

Dugnad: torsdager

Postet av Stord Hestesportlag den 10. Apr 2018

Det er mykje som føregår på senteret i desse veker, og mykje kan og må gjeras via dugnad.

Dugnadskomitèen har difor satt opp fast dugnad kver torsdag kl. 17:00 - møt i kafeen for hyggjeleg kaffe-slaberas og fordeling av oppgåver.

Det er også utarbeida dugnadsliste via ein applikasjon, "Trello", av dugnadskomiteen.
Der kan ein sjå kva som må gjøres og legge til oppgåver ein ser må gjerast.


Møt i kaffeen ein torsdag - så kan ein få meir info kring denne appen!

Jo fleir ein er - jo kjekkere er det! :) 


0 Kommentar

Kjørestemne 07.04.-08.04.18

Postet av Stord Hestesportlag den 7. Apr 2018

I helga vert det arrangert DMP-kjørestevne. DMP står for dressur-, presisjon- og maratonkjøring. Det er 13 ekvipasjar påmeldt. Det er to DMP-kombinasjonar og to opne klassar;  ein i dressur og ein i presisjon.  DMP-kombinasjon betyr at ein startar i både dressur, presisjon og maraton, og konkurrerar om best samanlagt resultat. 

Presisjonskjøring byrjar laurdag kl. 1100. 

Dressurkjøring byrjar laurdag kl. 1315 og Maratonkjøring foregår søndag frå kl 1100.

Link til horsepro der du kan sjå startlister og resultat.

Det er open kafè med mykje godt. Velkomen:)


Teikning av maratonbanen som skal kjørast søndag 08.04.18


0 Kommentar

Resultat Hordaland vintercup 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 6. Apr 2018

Hordalands Vintercup 2018 er fullført og samla resultat finn ein på rytter.no

Me hadde eigne deltakere i både dressur og sprang.
Stord Hestesportlag arrangerte 2. avdeling dressur 21. januar og klubben arrangerte 3. avd sprang 10-11 februar.

Gratulera til Silje Hatlevik og Igor Van Het Wingerdhof som rei til samla 1de plass i Vintercup sprang - Store tur, total poengsum 29 etter finalen på Alvøen 11/03.
Resultat for sprang cupene finn De her.

(Arkivbilete: Silje Hatlevik - Igor Van Het Wingerdhof)



I dressur utmerka Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel seg og havna på ein samla 2.plass i LB cupen, total poengsum 29 etter finalen på Moldegaard 04/03. Gratulera!
Resultat for dressur cupene finn De her.



(Arkivbilete frå finalen Moldegaard: t.h. Monica Finsrud Grimstad - Coeur de Caramel )


0 Kommentar

KLUBBJAKKAR VÅREN 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 28. Mar 2018

KLUBBJAKKAR VÅREN 2018

Me har fått gode tilbod hos Horze, og  kan tilby to ulike typar jakkar til klubbjakker våren 2018:

Horze Luise – finnes berre i vaksenstørrelsar. Denne får me til kr. 527,2 , men den  kan verta billigare dersom ordren er stor.

https://www.horze.no/sommerjak...

 

Horze Alicia- finnes i både vaksen- og barnestørrelsar. Denne får me til kr. 399,20, men den kan og verta billigare dersom ordren er stor.

https://www.horze.no/sommerjak...

 

Prisane er utan logo og trykk, så dette vil koma i tillegg.

Send bestilling med namn på jakke og kva strl. du vil ha til enaulv@gmail.com

 


0 Kommentar

AKTIVITETSLEDER KURS 14.APRIL

Postet av Stord Hestesportlag den 22. Mar 2018




I samarbeid med Norges Rytterforbund vert det arrangert aktivitetsleder kurs på Stord Hestesportsenter 14.april ! 

For meir info og påmelding, sjå her.


0 Kommentar

Saksdokument til årsmøte 2017

Postet av Stord Hestesportlag den 12. Mar 2018

Sakliste, årsmelding, rekneskap og budsjett for 2018  finn de her.


0 Kommentar

LEDIG PLASS - Knøttekurs

Postet av Stord Hestesportlag den 21. Feb 2018

Ledig plass på knøttekurs måndager kl 1630:

Kurset går over 8 veker, med unntak av fri i påskeferien, og koster kr 1400.

Knøttekurset er satt opp for dei minste.
Timene varer i 30min og passer for elever i 6-7års alderen.
Kurset går ut på å bli kjend med hesten og korleis handtere
den.
Ein arbeider mot rideknappen grad 1. (Meir info her)
Fokus vil være å gjere elevene trygg med å handtere hest,
på- og avsaling , opp- og nedstiging, handtere ridning i skritt.


For påmelding og/eller spørsmål, send email til stord.rideskule@sklbb.no 


0 Kommentar

Årsmøte Stord Hestesportlag

Postet av Stord Hestesportlag den 15. Feb 2018

Stord Hestesportlag inviterer til årsmøte:

Stad: Kafèen, Stord Hestesportsenter AS
Dato: Måndag 19. Mars 2018
Tid: Kl. 20:00

Føreslag som skal handterast på årsmøte, må verre sendt til styret (styret-stord.hestesportlag@haugnett.no) seinast to veker før årsmøte - innan 05.03.18.
Fullstendig sakliste og andre naudsynte saksdokumenter vert gjort tilgjengeleg seinast èi veke før årsmøtet.


Valnemd: 
Åshild Vatten
Hilde Nybø


Velkomen!



0 Kommentar

Distriktstemne sprang inkl 3.avd Hordalands Vintercup

Postet av Stord Hestesportlag den 11. Feb 2018

I helga gjennomførte Stord Hestesportlag distriktstemne i sprang. Me hadde 51 påmeldte ekvipasjer fordelt på laurdag og søndag.

Overdommer var frå klubben, Marianne Hansen Heggøy. Itillegg hadde me ein tilreisande dommeraspirant, Karoline Forselius. Laurdag hadde me nokre feil og stil klassar, der Hege Røed dømte. Hu hadde også med seg hestebutikk denne dagen, Horze Bergen.
Steward heile helga var Ingunn Anundskås og banebyggar Christian Hoff.

Laurdag hadde me 52 startande. Klasse 06 - Hest 0,80m, kl. 07 - Hest 1,00m og  kl. 09 - Hest 1,20 var del av Hordalands Vintercup.

Søndag hadde me 62 startande ekvipasjer. Her hadde me også 3 klasser som inngjekk i Hordalands Vintercup. Klasse 11 - Hest 0,80, Kl. 15 - Hest 1,00m og kl. 17 - 1,20.

Resultat på klassene finn dykk på horsepro.no. 


Open kiosk begge dagar med både varm og kald mat, kaker og mykje anna godt.

Me treng ein del dugnadsånd når me arrangerar stemne, kioskpersonell, banemannskap, bistand i dommerbod og øvrige poster. Me har mange flinke deltakarar i sving når me arrangerar stemne. 


(Kiosken, f.v. Monica Grimsrud, Margrethe Morken)

(Dommerbod. f.v. Overdommer: Marianne H. Heggøy, dommeraspirant: Karoline Forselius, skrivar: Camilla Nes, skrivar: Elisabeth Sæle. Speaker og stemneleiar: Siren Hinderaker. Me har også tidtaker(e) i dommerboda)




0 Kommentar

Kjekssal

Postet av Stord Hestesportlag den 6. Feb 2018

Me har kjøpt inn kjeksboksar som me ynskjer at oppstallørar, forryttarar og andre medlemmer sel. Dette vil gi gode pengar i klubbkassa.

Alle oppstallørar får 10 boksar kvar, forryttarar og andre minimum 5 boksar kvar. Kjeksa kan hentast i sekretariatet under stevnet i helga. 

Alle som sel kjeks får eit lodd pr. 5 boksar dei sel, og er med i loddtrekninga av to gåvekort à kr. 300. 

Kjeksa kostar 60 kr pr. boks, og pengane skal setjast inn på kontonr. 15034297271. 


0 Kommentar

Sprangstemne 10. og 11.2.18

Postet av Stord Hestesportlag den 6. Feb 2018

Det vert sprangstemne på Stord Hestesportsenter laurdag 10. og søndag 11.2.18. Det vert open kiosk med sal av både varme og kalde rettar. 

Velkommen:)


0 Kommentar

Hest(er) søker forrytter(e)!

Postet av Stord Hestesportlag den 29. Jan 2018

Stord Hestesportlag har 3 kjekke hester som ynskje forryttere.

Når ein er forrytter innebære det ansvar for hesten i helgjene, møkke boksen, lage klar for og mosjonere hesten. Itillegg sørgje for at hesten har vann og at luftegarden er i fin stand. Forrytterne rullerer også på å ta inn skulehestene lørdager og søndager.


Ein må verre medlem i Stord Hestesportlag og i forrytterkontraktane vert det innlagt 25t dugnad pr. år.


Kort info om hestene kjem nedenfor.

For intr og/eller meir informasjon, send email til stord.rideskule@sklbb.no

Evt. Kontakt Siri Laukhamar. Tel. 48090919


 Hårek er ein haflingervallak på 12 år. 

Han er snill og handtere for både store og små. Likar godt å gå på tur, seier heller ikkje nei til ei dressurøkt på banen og arbeider godt. 
Han kjøpte me frå Sveio no i vinter, og er då eit forholdsvis nytt tilskudd til rideskulen. Der går han mandag til torsdag, og søkjer ein forrytter som vil ha han fredag, laurdag og søndag - enten kver helg eller annakver helg. Raude og andre heilagdager vert også fordelt mellom forryttere.

Det er også eigne priser for forryttere som ynskje delta på kurs i rideskulen.

Pris pr mnd: 1000 for annakver helg / 2000 for kver helg.



    

Ronnia er ei søt fjordingshoppe.

Hu kom frå Voss i desember 2017, og er også ny i rideskulen.

Snill på tur og i ridebane, kan riast av både store og små.
Ronnia søker forrytter i helgene.

Pris pr mnd: annakver helg kr 850 / kver helg kr 1600. 







 Emily, også kalla Emmy, er ein søt lita 3er hoppe.

Hu kjøpte me frå Voss no i januar, der har hu og tidligere gått rideskule. Emmy er 8 år gammal, kan både riast og køyrast. Hu søkjer ein liten rytter som vil ha hu på for i helgene. 

Hu er kjempe snill å handtere og trives godt i rideskulen, både med dressur og sprang. 

Hu har sele og kjerre, så kan og tas på køyretur for dei som har kunnskapen innanfor det.

Pris pr mnd: annakver helg, kr 850 / kver helg kr 1600


0 Kommentar

Ny rideskuleansvarleg 01. Mars

Postet av Stord Hestesportlag den 25. Jan 2018

Frå 1.mars vil Siri Laukhamar starte i jobb for Stord Hestesportlag.
Siri får ansvar for  rideskulen, både undervisning og hestene, foringar saman med lærlingane og oppfølging av lærlingane. I tillegg vil Siri jobbe med å få istand meir aktivitet og rekruttering. 


Christine Sæle fortsetter vidare med å fokusere på økonomi og administrasjon for Stord Hestesportlag.


(Siri og hesten hennar, Coeur de Caramel )


0 Kommentar

Dressurstemne 20.-21. januar 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 21. Jan 2018

I helga har me arrangert årets første stemne som var eit distriktstemne i dressur. Eva Hauge var dommar 1,  Kjersti Anette Botnevik var dommaraspirant og Ingunn Anundskås var steward.  Me hadde totalt 21 ekvipasjar til start, 5 deltakarar var tilreisande frå Fusa Hestesportlag, Moldegaard Ryttersportklubb og Nord Karmøy Rideklubb, resten var lokale klubbmedlemar.

Laurdag hadde me to klasser, Hest LC og Hest LB. Desse klassane hadde og innlagt klubbmeisterskap.

Hest LC hadde 10 startande, og derav 3 plasserte i klassen. Eirinn Hesvik Ljones og Willehart frå Fusa stakk av med sigeren med eit snittprosent på 65,20 . Andreplassen gjekk også til Fusa, Katrine Årteig og Oberst Rohde med snittprosent på 63,60. Tredjeplassen gjekk til Mia Solemdal Djuve og Dio Stevie G, frå Stord Hestesportlag med snittprosent på 62,20. 


I LC hadde me og klubbmeisterskap der dei tre beste frå Stord Hestesportlag vart premierte. Vinnar vart Mia Solemdal Djuve med Dio Stevie G, andreplassen gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel og tredjeplassen gjekk til Kajsa Brynlund og Titan. 

I LB hadde me seks startande. Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel vann klassen med snittprosent på 63,84. Andreplass gjekk til Fusa:  Eirinn Hesvik Ljones og Willehart fekk ein snittprosent på 63,46. Her var det ikkje så mange startande frå Stord Hestesportlag, og difor vart det berre ein førsteplass i klubbmeisterskapet. Denne gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel. 

Søndag var det tre klassar; LC, LB og LA.  LB og LA er og 2. avdeling i Hordaland Rytterkrets sin vintercup i dressur. 

LC vart vunne av Eirinn Hesvik Ljones og Willehart frå Fusa med snittprosent på 64,30, andreplassen gjekk til Hanne Hellesen Aasheim og Action-Go frå Stord Hestesportlag snittprosent på 61,8, og  tredjeplassen gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel med snittprosent på 61,6.

LB vart og vunne av Eirinn Hesvik Ljones og Willehart frå Fusa med snittprosent på 64,61, og andreplassen gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel med snittprosent på 64,42.

LA vart gjennomført utan premiering, då det berre var to startande: Silje Hatlevik frå Stord Hestesportlag og Igor Van Het Wingerdhof som reid til 65,33 prosent  og Sara Jordan Kraavik og Røgilds Boromi som reid til 66,66 prosent. 


0 Kommentar

Klubbmeister LB: FEIs innledende program for children A 2014/16 (LB)

Postet av Stord Hestesportlag den 20. Jan 2018

I stemnets andre klasse var det klubbmeisterskap i Hest LB.

Det var 4 startende frå Stord Hestesportlag, derav kun ein plassert klubbmeister. 

Seieren i Hest LB: vart Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel med 63,846 i snitt prosentpoeng. Gratulera så mykje!

Monica hadde diverre ikkje anledning stille på premiering, difor legg me ved eit arkivfoto.
Hu vart også vinnar av heile klassen.


Kl.03 – LB FEIs innledende program for children A 2014/16 (LB)

Pl.

Enr

Rytter

Hest

C

B

Tot

1

1

Grimsrud, Monica Finsrud

Coeur de Caramel

62,692

65,0

63,856

 

Øvrig resultat finn ein på horspro.no. 


0 Kommentar

Klubbmeisterskap LC ( Hest LC: LC:3 NRYF 2017)

Postet av Stord Hestesportlag den 20. Jan 2018

Under helgas distriktstemne i dressur vart det laurdag arrangert klubbmeisterskap i klasse 02 - Hest LC: LC:3 NRYF 2017.

Vinnaren og årets klubbmeister i dressur, Hest LC vart Mia Solemdal Djuve og Dio Stevie G med 62,2% i snitt. Gratulera så mykje!

(Mia Solemdal Djuve og Dio Stevie G)


Andre plassen gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel med 60,8 i snitt prosentpoeng og tredje plassen gjekk til Kajsa Renberg Brynlund og Titan med 60,2 i snitt prosentpoeng. 


Gratulera til alle tre med flotte prosentpoeng og klubbmeistra 2018!


(f.v. Mia S. Djuve og Stevie G, Monica F. Grimsrud og Caramel, Kajsa R. Brynlund og Titan)


Resultat klubbmeisterskap:

Kl.02 - LC:3 NRYF 2017

Pl.

Enr

Rytter

Hest

C

B

Tot

1

6

Djuve, Mia Solemdal

Dio Stevie G

60,4

64,0

62,2

2

1

Grimstad, Monica Finsrud

Coeur de Caramel

59,2

62,4

60,8

3

7

Brynlund, Kajsa Renberg

Titan

58,8

61,6

60,2


Øvrig klasse resultat kan ein finne på horsepro.no.


0 Kommentar

Godt nyttår/ Oppdatering av medlemskap

Postet av Stord Hestesportlag den 2. Jan 2018

Godt nyttår !

Då er me godt i gang med 2018, og håper det nye året bringe mykje hestegleie for store å små!


Da er tid for oppdatering av medlemskap til klubben!
Vil minna at det er eit krav for alle oppstallørar, elevar i rideskulen og brukara av anlegget vårt i Tysemarkjo å verre medlem i Stord Hestesportlag.


Me har tre typa medlemskap, senior, junior og familie :


- Medlemskap med Hestesport – senior ( over 18 år) kr 450,-

- Medlemskap med Hestesport – junior (under 18 år) kr 350,-

- Familiemedlemskap med Hestesport kr 600,- (2 vaksne + 3 barn, +100kr pr medlem utover dette)


Me treng namn på alle familiemedlemmar + fødseldato på alle. Me treng og adresse og tlf. og helst mailadresse. 

Merk med Medlemskap 2018+ navn på medlem. Send og ein e-post til enaulv@gmail.com med navn , adresse og fødselsdato. Dersom de vel familiemedlemskap: skriv navn og fødselsdato til alle i e-posten.


Betal inn til kontonr: 1503.42.97271

Meir info om medlemskap her.



0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline