Feltritt-trening 28.09.19

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Nov 2019

Laurdag 28.09. var det feltritt-trening med Linn Merethe Brandal på Stord Hestesportsenter. Det var 12 deltakarar frå Stord Hestesportlag og Indre Haugaland rideklubb som fekk prøvd seg i terrenget. I tillegg hadde dei og litt teoriundervisning. Det var veldig kjekt, og me vil absolutt arrangere fleire treningar og håpar å kunne arrangere stevne til våren. 

Et bilde som inneholder gress, utendørs, hest, bakke
Automatisk generert beskrivelseEt bilde som inneholder tre, utendørs, gress, bakke
Automatisk generert beskrivelseEt bilde som inneholder utendørs, tre, himmel, bilvei
Automatisk generert beskrivelse

Et bilde som inneholder person, innendørs, vegg, mann
Automatisk generert beskrivelseEt bilde som inneholder utendørs, gress, himmel, bakke
Automatisk generert beskrivelse



Stallturiltu 2019

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Nov 2019


 
Stallturiltu
 
Et bilde som inneholder tak, innendørs, person, personer
Automatisk generert beskrivelsexmon0311b


 Det
 vart eit kjempekjekt arrangement i dag. Det var ca. 160 personar som hadde kjøpt billett, som kom og høyrde på Malin Hellebø og Camilla Kuhn når dei fortalte om dyra sine sjekketriks. I tillegg fekk dei borna som ønskte det ein ridetur på ein av dei kjekke skulehestane våre. 


Et bilde som inneholder tavle, tekst
Automatisk generert beskrivelseEt bilde som inneholder person, innendørs, tak, personer
Automatisk generert beskrivelse



Medlemsfest

Postet av Stord Hestesportlag den 9. Okt 2019

Medlemsfest

 

 

 

 

 

Me inviterar til korgafest, fredag 08. november kl. 2000 på Stalloftet.  Ta med deg noko godt å eta, og så set me det saman til ein buffet:) Ta også med deg det du ynskjer å drikke. 

 

Festen er for alle medlemmane med følge, men etter kl. 2300 berre for dei som er 18 +. 

 

Me lagar til litt enkel underhaldning, og dersom nokon vil bidra med noko meir er det kjempeflott!

 

Det er fint om de vil sende påmelding til enaulv@gmail.com, innan 01.11., slik at me får ei lita oversikt over antallet me vert.

 

Velkommen!!



Voltigekurs

Postet av Stord Hestesportlag den 30. Sep 2019

 

Description: Voltige_svart.png

Velkommen til voltigekurs hos

 Stord Hestesportlag
 16.- 17. november 2019

 

Prøv voltige!

 

Voltige er en blanding av turn, akrobatikk og dans til musikk på hest. Voltige er en gren som gir samspill og lagfølelse. 16.-17. november får Stord Hestesportlag besøk av erfarne instruktører og inviterer til breddetrening for alle. 

 

Treningene består av ca. 1 time tønne og 1 time hest både lørdag og søndag. Det blir i tillegg fokus på turn, styrke, tøying på bakken. Inndeling i grupper etter alder og nivå. Pris 500 kr.

 

Maren Primstad og Miriam H. Ree er aktive utøvere og har sin egen voltigehest som de har startet internasjonale stevner, NM og nordisk mesterskap med. Maren er autorisert trener 1 i voltige, har voltigedommer- og longørkurs. Jentene har begge sine egne voltigegrupper, og legger opp et godt opplegg som passer for alle. 

 

Praktisk informasjon

Deltagere: Kurset er åpent for både instruktører og utøvere i alle aldre som ønsker å lære om voltige. Det er ingen krav om kunnskaper verken innen ridning eller turn. Kurset er åpent for alle klubber. 

Klær: Utøverne tar på ettersittende klær som er gode å bevege seg, helst treningstights. Turn/voltigesko eller myke joggesko. Ta på varme klær og ta med ekstra overtrekkstøy i tilfelle kulde. 

Pris: 500 kr for begge dager (inkludert leie av skolehest)

Påmelding til: Gina Owe Paulsen, mail: gina.paulsen@sklbb.no

 



Ledig stallplass

Postet av Stord Hestesportlag den 26. Sep 2019

Det er ledig stallplass hos Stord Hestesportsenter!



5*stjernes opphold for dei firbeinte i 3*3,5m stallboks med direkte utgang til eigen paddoc ( 3,5*17m)
Månadsleige kr 2300,- (evt. 2450 for stor luftegard)
Frukost, samt utslipp og middagsforing inkl.
Kvelds- og helgeforing rullerar blant oppstallørerne.
Samo, grov- og kraftfor faktureres etter forbruk.

Hestesportsenteret har topp moderne fasilitetar for alle typar rytter/kusk og hestar. Me har oppstallørar innanfor både dressur, sprang og køyring. Me har jamnleg trening og stemner innanfor disse greinane- Stallen(e) består av ein oppstallør stall som rommer 42 boksar for private oppstallørar og ein rideskulestall med 13 skulehestar. Me har rideskule måndag-torsdag med ryttarar på ulike nivå.

Fasilitetar:
Ride/køyreløype
Ridehall 22*62
Ridehall 20*40
Ridebane 22*62
Ridebane 120*50
vaskespilt
turterreng i skog og mark.
Feltrittløpye

For meir info og evt vitjing, kontakt:
Christine Sæle, tel 99389080
Epost: stord.hestesportlag@sklbb.no





Rideleir 07-11.oktober

Postet av Stord Hestesportlag den 10. Sep 2019

STORD HESTESPORTLAG ARRANGERAR RIDELEIR  i haustferien veke 41, frå måndag 07. oktober - tom fredag 11. oktober .


Stord Hestesportlag inviterar alle hesteglade barn frå 8-17 år til ein aktiv og lærerik rideleir med overnatting frå måndag til fredag. Det er og moglegheit å delta kun på dagtid.

Oppstart måndag kl. 08:30, og så er ein ferdig fredag kl. 16:00. 
Dei som deltek på dagtid kan vere med frå 08:30 - 16:00.

Me kan tilby:

  • Mange ulike hesteaktivitetar og andre kjekke aktivitetar.  Ein får m.a. stelle hest, ri, fore,  og drive med andre hesteaktivitetar. 
  • Tilpassa opplegg for både nybyrjarar og vidarekomne, ein deler inn i mindre grupper for å tilpasse.
  •  Felles måltid i koselege omgjevnader.


  • Oppmøte ved øvre stall kl 0830 måndag morgon.
  • Pris kr 4500 for døgn / 3000 for dag må vera betalt før oppstart. Me sender faktura.
  • For meir informasjon og påmelding, send email til stord.rideskule@sklbb.no og merk med rideleir😊


Velkommen!



Ledige plassar i rideskulen 🦄

Postet av Stord Hestesportlag den 14. Aug 2019

🦄Ledige plasser i rideskulen!🦄

Me har nokre få ledige plasser på kursa for nybegynnar-barn og nybegynnar-vaksen.
Send e-post til: stord.rideskule@sklbb.no så snart som mogleg om du ynskjer å begynne.

Fyrstemann til mølla får plass!!
🦄🦄🦄🦄🦄🦄🦄🦄🦄🦄🦄🦄



NM i kjøring 08.-11.08.19

Postet av Stord Hestesportlag den 14. Aug 2019

Her er nokre bilete frå NM i kjøring som me arrangerte 08.-11.08.19. Det vart konkurrert i dressurkjøring, presisjonskjøring og maratonkjøring.  Deltakarane fekk innvia den store nyebanen vår- som fekk ferdig gjerde dagen før.


Tusen takk til dei flotte ekvipasjane som kom og deltok i det første kjøre NM på Stord Hestesportsenter, tusen takk til alle som jobba dugnad og sørga for at me fekk eit flott arrangement, og ikkje minst -tusen takk til sponsorane våre. 

 Gullmedalje i NM kjøring gikk til Jeanette Lund Støen/Penlangrug Black Knight i ponni enspent og Øivind Mikkelsen/Cartoon Hedegaard i hest enspent.  Elles bilder frå maraton, dressur- og presisjonskjøring. 




Stord Hestesportlag har tilsett ny rideskuleansvarleg

Postet av Stord Hestesportlag den 23. Jul 2019

Nytt i rideskulen frå hausten 2019                                                                   

Me har tilsett ny rideskuleansvarleg frå hausten 2019. Det er Anne Marte Sævareid som skal ha stillinga på fulltid. Ho er utdanna trenar 1, og har lang erfaring med hest - ho har hatt eigen hest frå barndommen av. Anne Marte driv aktivt som sprangryttar sjølv, og har vore sprangtrenar i mange år.Me har og fått ny lærling som heiter Ida Olsen. Ho har drive med hest i mange år, og ho har gått to år på Stend vidaregåande skule på hesteslinja, og to år på Fjordane folkehøgskule der ho og dreiv med hest. Ida har i hovudsak drive med køyring og dressurriding.
Me ynskjer dei begge varmt velkomen, og gledar oss til å samarbeidet!



NM Køyring 2019

Postet av Stord Hestesportlag den 15. Jul 2019

9-11. august 2019 arrangerar Stord Hestesportlag noregsmeisterskap i køyring på Stord Hestesportsenter.

Det vert arrangert noregsmesiterskap for: Children, Junior, Youngdriver, fleirspent, einspent hest og ponni.

Det vert òg kretsmeisterskap for Rogaland og Hordaland.


Program:


Onsdag 07.08Torsdag 08.08Fredag 09.08Laurdag 10.08Søndag 11.08
07:00




08:00

Dressurkøyring
Maraton
Presisjonskøyring







Ankomst opnar











Regional breddesamling i feltritt på Hestesportsenteret.

Postet av Stord Hestesportlag den 8. Jun 2019

I dag, 08.06.19, har det vore regional breddesamling i feltritt på Stord Hestesportsenter, med instruktør Linn Merethe Brandal. Det var 9 deltakarar som kom frå ulike stader i Rogaland og Hordaland. Ryttarane vart delt inn i to puljer, og første pulje var ute før lunsj, og den andre etter lunsj. I lunsjpausen vart det gjennomgått litt teori og vist nokre filmar om feltritt.  Det var ei veldig kjekk trening for både hestar og ryttarar, og me håpar å få til regelmessige feltrittreningar med Linn Merethe frametter. 



Rideleir 24.06-28.06.19

Postet av Stord Hestesportlag den 29. Mai 2019

STORD HESTESPORTLAG ARRANGERAR RIDELEIR  i veka etter skuleslutt, frå måndag 24.06-tom fredag 28.06.19


Stord Hestesportlag inviterar alle hesteglade barn frå 8-17 år til ein aktiv og lærerik rideleir med overnatting frå måndag til fredag. 

Oppstart måndag kl. 0830, og så er ein ferdig fredag kl. 1600. 

Me kan tilby:

  • Mange ulike hesteaktivitetar og andre kjekke aktivitetar.  Ein får m.a. stelle hest, ri, fore,  og drive med andre hesteaktivitetar. 
  • Tilpassa opplegg for både nybyrjarar og vidarekomne, ein deler inn i mindre grupper for å tilpasse.
  •  Felles måltid i koselege omgjevnader.


  • Oppmøte ved øvre stall kl 0830 måndag morgon.
  • Pris kr 4500 må vera betalt før oppstart. Me sender faktura.
  • For meir informasjon og påmelding, send email til stord.rideskule@sklbb.no og merk med rideleir😊


ÅRSMØTE - Stord Hestesportlag

Postet av Stord Hestesportlag den 18. Feb 2019

Stord Hestesportlag inviterar til årsmøte:

Stad: Kafeen, 2. etg - Stord Hestesportsenter
Dato: Tysdag 26. mars 2019 
Tid: kl. 19:00


Forslag som skal behandlas på årsmøte, må være sendt til styret (styret-stord.hestesportlag@haugnett.no) seinast to veker før årsmøte, (innan 12.Mars 2019).
Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokumenter med forslag til årsmøte vil bli gjort tilgjengelig seinast éi veke før årsmøte.


Valnemd:
Marit Løkhammer
Vilde Gravdal


Saksliste:

1.Godkjenne de fremmøtte representantene.

2.Godkjenne innkalling, sakliste og forretningsorden.

3.Velge dirigent, referent, samt to representanter til å underskrive protokollen.

4.Behandle årsberetning.

  1. Behandle idrettslagets regnskap i revidert stand
  2. Behandle forslag og saker - ingen innkomne forslag/saker.

7.Fastsette kontingent.

8.Vedta idrettslagets budsjett.

9.Behandle idrettslagets organisasjonsplan

10.Foreta følgende valg:

     11. Leder og nestleder.

  1. 5 styremedlemmer, 3 varamedlemmer.

     13. Øvrige valg i henhold til vedtatt organisasjonsplan, jf. pkt. 9– ingen

     14. To revisorer.

     15. Representanter til ting i overordnede organisasjonsledd eller gi styret fullmakt til å oppnevne      representantene.

     16. Valgkomité med leder, to medlemmer og ett varamedlem



Vedlegg:

Årsmelding 2018
Årsregnskap 2018 
Budsjett 2019
Valnemd si innstilling til nytt styre.





Fornying av medlemskap

Postet av Stord Hestesportlag den 2. Jan 2019

Godt nyttår til alle! 

Minnar om at det er på tide å fornye medlemskapet no. Betal gjerne via "Min idrett", eller merk betalinga med namn, alder og adresse om du betalar på andre måtar.