Feltritt-trening 28.09.19
Postet av Stord Hestesportlag den 3. Nov 2019
Laurdag 28.09. var det feltritt-trening med Linn Merethe Brandal på Stord Hestesportsenter. Det var 12 deltakarar frå Stord Hestesportlag og Indre Haugaland rideklubb som fekk prøvd seg i terrenget. I tillegg hadde dei og litt teoriundervisning. Det var veldig kjekt, og me vil absolutt arrangere fleire treningar og håpar å kunne arrangere stevne til våren.
Stallturiltu 2019
Postet av Stord Hestesportlag den 3. Nov 2019
Stallturiltu
Det vart eit kjempekjekt arrangement i dag. Det var ca. 160 personar som hadde kjøpt billett, som kom og høyrde på Malin Hellebø og Camilla Kuhn når dei fortalte om dyra sine sjekketriks. I tillegg fekk dei borna som ønskte det ein ridetur på ein av dei kjekke skulehestane våre.