Stord Hestesportlag har tilsett ny rideskuleansvarleg

Postet av Stord Hestesportlag den 23. Jul 2019

Nytt i rideskulen frå hausten 2019                                                                   

Me har tilsett ny rideskuleansvarleg frå hausten 2019. Det er Anne Marte Sævareid som skal ha stillinga på fulltid. Ho er utdanna trenar 1, og har lang erfaring med hest - ho har hatt eigen hest frå barndommen av. Anne Marte driv aktivt som sprangryttar sjølv, og har vore sprangtrenar i mange år.Me har og fått ny lærling som heiter Ida Olsen. Ho har drive med hest i mange år, og ho har gått to år på Stend vidaregåande skule på hesteslinja, og to år på Fjordane folkehøgskule der ho og dreiv med hest. Ida har i hovudsak drive med køyring og dressurriding.
Me ynskjer dei begge varmt velkomen, og gledar oss til å samarbeidet!



NM Køyring 2019

Postet av Stord Hestesportlag den 15. Jul 2019

9-11. august 2019 arrangerar Stord Hestesportlag noregsmeisterskap i køyring på Stord Hestesportsenter.

Det vert arrangert noregsmesiterskap for: Children, Junior, Youngdriver, fleirspent, einspent hest og ponni.

Det vert òg kretsmeisterskap for Rogaland og Hordaland.


Program:


Onsdag 07.08Torsdag 08.08Fredag 09.08Laurdag 10.08Søndag 11.08
07:00




08:00

Dressurkøyring
Maraton
Presisjonskøyring







Ankomst opnar











Levert av IdrettenOnline