Klubbstevne søndag 7. oktober 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 7. Okt 2018

I dag har me hatt eit flott klubbstevne! 

Heile 14 startande, og av desse var 9 av dei startande frå rideskulen. Mange flotte debutantar, og fin stemning. Dei rei eit lett C program. 

Fyrste plassen vart delt og vinnarane var Nora Paulsen Kirkegaardens Jupiter og Mia Solemdal Djuve som begge hadde 66,4 % og likt alment inntrykk. Tredje plassen gjekk til Karen Emilie Hovland Kyle på Hårek med 60,4% og allment inntrykk 65,7 og fjerde plassen gjekk til Thea Handeland på Birk med 60,4% og allment inntrykk på 61,4.

Me gratulerer så mykje! Og håpar at dette vart ei fin oppleving for alle, og at endå fleire vert med neste gong me arrangerer klubbstevne!


(Frå høgre: Nora Paulsen, Mia Solemdal Djuve, Karen Emilie Hovland Kyle og Thea Handeland)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.