Rideleir 24.06-28.06.19

Postet av Stord Hestesportlag den 29. Mai 2019

STORD HESTESPORTLAG ARRANGERAR RIDELEIR  i veka etter skuleslutt, frå måndag 24.06-tom fredag 28.06.19


Stord Hestesportlag inviterar alle hesteglade barn frå 8-17 år til ein aktiv og lærerik rideleir med overnatting frå måndag til fredag. 

Oppstart måndag kl. 0830, og så er ein ferdig fredag kl. 1600. 

Me kan tilby:

  • Mange ulike hesteaktivitetar og andre kjekke aktivitetar.  Ein får m.a. stelle hest, ri, fore,  og drive med andre hesteaktivitetar. 
  • Tilpassa opplegg for både nybyrjarar og vidarekomne, ein deler inn i mindre grupper for å tilpasse.
  •  Felles måltid i koselege omgjevnader.


  • Oppmøte ved øvre stall kl 0830 måndag morgon.
  • Pris kr 4500 må vera betalt før oppstart. Me sender faktura.
  • For meir informasjon og påmelding, send email til stord.rideskule@sklbb.no og merk med rideleir😊

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.