Stevner i september og oktober

Postet av Stord Hestesportlag den 12. Okt 2017

Landsstevne i sprang

Stord Hestesportlag arrangerte for første gong landsstevne i sprang helga 22.-24.09.17 Det var 96 ekvipasjar påmeldt og desse kom frå 18 forskjellige klubbar. Dei som kom reisande lengst borte frå kom heilt frå Ski.

Været var veldig fint, og sjølv om stevnet var innandørs, var det veldig godt å ha sol ute når ein varma opp. Alt gjekk veldig fint, og me fekk gode tilbakemeldingar.  Lørdag kveld vart det arrangert rytterfest på Stalloftet, der det vart servert Tapas. Her var ca. 50 personar, både store og små, samla til ein koseleg kveld.

Distriktsstevne i kjøring, dmp

Helga 7.-8.10. arrangerte klubben for første gong kjørestevne der ein konkurrerte i både dressur, presisjon og marathon. Tidlegare har me berre hatt kjørestevne i dressur og presisjon. Det var mykje som måtte ordnast før stevnet. Med Liv Marit i spissen vart det utført mange dugnadstimar i forkant for å gjere klart til stevnet. Det vart og lagt ned mange timar i å lage hinder til marathonløypa. Det vart eit vellukka stevne, og ei god trening for oss som arrangørar før me skal ha NM for fjordhest sommaren 2018.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline