INFORMASJONSSKRIV ANGÅANDE FJORDHEST-NM 25.06-01.07

Postet av Stord Hestesportlag den 10. Apr 2018

Denne sumaren vert det arrangert NM for fjordhest hjå oss på Stord Hesteportssenter, i regi av Stord Hestesportslag. I forbinding med dette arrangementet har styret søkt om mange midlar, samt fått innvilga følgande summar:

 

  • 2 000 000,- i fylkeskommunalt investeringstilskot for å utbetre anlegg i forkant av NM.
  • 50 000,- i arrangementsstønad frå fylket.
  • 220 000,- frå Noregs Ryttarforbund i samband med utbygging av maraton-løype samt terrengløype.
  • 5000,- frå greinutvalet i feltritt som tilskot til terrengløype.

 

Desse tilskota har allereie byrja å utarte seg i utbetring av anlegget, i form av t.d nye garderobar, eit flott sponhus, ein ekstra utebane med internasjonale mål, ei trygg turløype rundt sentereigendomen. Desse utvidingane og utbetringane gjer at Stord Hestesportsenter båe vert eit av Noregs største hestesportsenter, samt eit av dei med høgast standard. Fleire utbetringar er undervegs, men desse er avhengige av dugnadsarbeid og ei generell dugnadsånd for gjennomføring. Når det regnar på presten, så dryp det ofte på klokkaren. Desse utbetringane vert våre til disposisjon og utnytting i åra som kjem. Samt gjev dei eit stort sportsleg løft for heile klubben.

 

NM for fjordhest er eit av dei største arrangementa me kan arrangere, noko som generer mykje tilreisande, mange hestar og mengd med aktivitetar. Dette krevjer frivillig innsats frå oss i klubben.

Nm-komitéen samt styret ved Stord Hestesportslag er allereie byrja å jobba med logistikken rundt sjølve arrangementet. Logistikken er så omfattande at me har funne ut at me må kartlegge kven som kan bidra under NM-veka, samt kven som kan arbeide i forkant eller i etterkant av arrangementet. Sett utifrå anlegget me får gjennom utføringa av dette arrangementet, så forventar me at dei aktive medlemmane våre bør kunne vere med å bidra til dette. For dei som har anleiing å leige ut boksen sin den veka, så vert det gitt reduksjon på 800kr i stalleige pr. boks. Det finnes oppgåver og postar for passar for alle, anten ein er 9 år eller 89 år. Rekruttér gjerne frivillige i familien din, eller gjennom vener og bekjentskap. Me treng alle som kan krype, eller gå. Alle må huke av veka 25.06-01.07.18 i kalenderen sin allereie no.

 

For å få framdrift i dette, innkaller komitéen for NM og styret i Stord hestesportslag til eit ekstraordinært medlems- og oppstallørmøte 19.04.18, klokka 19:30, i kaféen på Stord Hestesportssenter. Det er VIKTIG at alle møter på dette.

 

Med beste helsing,

Komitéen for NM/Styret i Stord Hestesportslag




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline