Sunnhordland travlag på V75 på Bergen travpark

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Nov 2018

Lørdag 27. oktober var det V75 på Bergen travpark. Me var ein gjeng på 12 personar frå Sunnhordland Travlag som reiste. Me hadde avtalt med Vestenfjeldske travforbund at me kom, og Jan Skjoldal som sit i styret, hadde arrangert det slik at me fekk møte Jan Gjennestad som er forbundsleder, og han tok godt imot oss, viste oss rundt på området, og tok oss med inn i travstallen til Odd Storetvedt, som er ein av dei fremste kjøretrenarane no.  Odd Storetvedt kom sjølv og viste oss stallen og hestane, og forklarte oss om drifta. Han driv stallen saman med den eine dottera si. Dei har 16 hestar i trening. Hestane vert kjørt, går på tredemølle, og er ute i luftegård. Me fekk og kikka på hesten Galileo som gjekk løp seinare på dagen. Han kvilte godt i boksen då me var der, og såg ut til å lade godt opp. 

Etter omvisning i stallen gjekk me bort til restauranten ved travparken, der me fekk sitje i eit eige rom med god utsikt over banen. Jan Gjennestad forklarte oss som var litt uvitande om korleis tipping og slikt føregår, kva me kunne tippe på, og så leverte me inn nokre kupongar og åt kjempegod buffe. Nokre var heldigare enn andre i tipping, men det var kjempespanande heile tida😊  


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline