Sprangstemne 02/12 - oppdatering

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Des 2018

Kl. 11:00 søndagføremiddag braka det laus med sprangstemne på Stord Hestesportsenter.
Banebyggjar Christian Hoff hadde laga til nokre utfordringar i dag, men det vart løyst på godt vis frå ekvipasjane.

Det starta med 4 vinnarar i 0.50m, der målet var å kome igjennom feilfritt:
Eira Løvland, Leah Smedvig Nesse , Sarah Birkeland Kårtveit og Lisa Førland. 


Vidare i 0,60m vart det,idag også, siger på Thea Handeland, foran Mari Meland på 2. plass.

Ponni LC vann så Frida Løvland.

Hest LD - 0.80m vann gledeleg nok Emily Birkeland Kårtveit

I klassen 0.90m var det sett opp klubbmeisterskap og den vann Mia Solemdal Djuve og Dio Stevie G både klassen og klubbmeisterskapet, med Hanne Hellessen Aasheim som nr. 2. i klassen.

Hest LC - 1.0m in gysare. Frida Løvland vann denne føre våre to - Nina Oppedal Aasheim og Mia S. Djuve.

Veldig kjekt at Lise Hatlevik vart både vinnar og klubbmeister i 1.10 m.

Siste klasse var 1.20m der Silje Jeanette Bringedal frå Haugesund Rideklubb gjennomførte med stil.

For dei som lurer på meir utfyllande resultata frå stemnet finn de dei på Equipe.  

Og med det var årets siste stemne for Stord Hestesportlag unnagjort - me ser fram til eit vel nytt stemneår i 2019. Neste års terminliste er forøvrig lagt inn i kalenderen vår.

(Mia S. Djuve og Dio Stevie G - vinnar og klubbmeister 0,90)


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline