Regional breddesamling i feltritt på Hestesportsenteret.

Postet av Stord Hestesportlag den 8. Jun 2019

I dag, 08.06.19, har det vore regional breddesamling i feltritt på Stord Hestesportsenter, med instruktør Linn Merethe Brandal. Det var 9 deltakarar som kom frå ulike stader i Rogaland og Hordaland. Ryttarane vart delt inn i to puljer, og første pulje var ute før lunsj, og den andre etter lunsj. I lunsjpausen vart det gjennomgått litt teori og vist nokre filmar om feltritt.  Det var ei veldig kjekk trening for både hestar og ryttarar, og me håpar å få til regelmessige feltrittreningar med Linn Merethe frametter. 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline