Ledig stilling som rideskuleansvarleg

Postet av Stord Hestesportlag den 21. Jun 2019

Vil du jobba ved eit nytt og moderne Hestesenter? Stord Hestesportlag held til på Stord Hestesportsenter på Stord. Senteret vart bygd i 2013/14, og er eit nytt og moderne ridesenter. Senteret har to store utebanar, to ridehallar, fleire km treningsløyper inne på eige anlegg og feltrittsbane. Det er mange ulike aktivitetar ved senteret kvar veke; rideskule, kjøring, islandshest, dressurriding, sprang, feltritt og me er smått byrja med voltige. 

Me søkjer etter: 

Rideskuleansvarleg/ridelærar 

Rideskulen starta opp i 2014, og har i dag ca. 80 elevar pr. veke. Me har pr. no 10 hestar i rideskulen. 

Arbeidsoppgåvene:

  • Ansvar for dagleg drift av rideskulen 
  • Ansvar for hestane og deira velferd 
  • Setje opp ridekurs
  • Halde ridekurs, og ha kontakt med føresette. 

Rideskulen fylgjer skuleruta. Ein vil også samarbeide med fagansvarleg med å følgje opp lærling i hestefaget. I tillegg kjem anna førefallande arbeid på senteret, som til dømes å horve banane. 

Kvalifikasjonar: 

  • Erfaring; Du er ein person som har bakgrunn til å kunne utføre jobben, gjerne utdanna ridelærar som kan og vil undervise barn og vaksne i rideskulen.
  • Godt humør og stå på vilje 
  • Oppteken av hestevelferd og sikkerhet med hest og rytter 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Tar i eit tak og er fleksibel
  • Har god evne til å prioritera oppgåver under hektiske situasjonar
  • Har sertifikat for bil og hengar

 

Me tilbyr ein travel, men kjekk arbeidsstad i fine omgjevnader.  Det er muligheit for å ha med eigen hest. Me har og moglegheit til å hjelpa deg med bustad i nærleik til senteret.  Oppstart 01.08.19 eller etter avtale.

Dersom dette er noko for deg, send søknad med CV til Stord.hestesportlag@sklbb.no

Søknadsfrist 30.06.19 

 

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline