Stord Hestesportlag har tilsett ny rideskuleansvarleg

Postet av Stord Hestesportlag den 23. Jul 2019

Nytt i rideskulen frå hausten 2019                                                                   

Me har tilsett ny rideskuleansvarleg frå hausten 2019. Det er Anne Marte Sævareid som skal ha stillinga på fulltid. Ho er utdanna trenar 1, og har lang erfaring med hest - ho har hatt eigen hest frå barndommen av. Anne Marte driv aktivt som sprangryttar sjølv, og har vore sprangtrenar i mange år.Me har og fått ny lærling som heiter Ida Olsen. Ho har drive med hest i mange år, og ho har gått to år på Stend vidaregåande skule på hesteslinja, og to år på Fjordane folkehøgskule der ho og dreiv med hest. Ida har i hovudsak drive med køyring og dressurriding.
Me ynskjer dei begge varmt velkomen, og gledar oss til å samarbeidet!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline