Rideleir veke 32

Postet av Anne Marte Sævareid den 16. Jun 2021

Rideleir 09.08. - 13.08. 2021 (Veke 32)

Grunna stor pågang på rideleir veke 26 blir det rideleir i veke 32 ved nok påmeldte.

Stord Hestesportlag inviterer hesteglade born til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!

 

 Rideleiren vil føregå frå måndag 09.august til og med fredag 13.august mellom klokka 08:30 og 16:00. 


Grunna korona-viruset får ikkje personar som er smitta av korona, sitt i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand delta på leir.

 

Deltakarane må nytta eige rideutstyr (ridehjelm og  sikkerhetsvest). Ta kontakt dersom det er vanskeleg å skaffe utstyr. 

 

Me tar smitteførebyggande tiltak på alvor og fylgjer oppdatert vegledar frå NIF/NRYF. 

 

Me kan tilby:

  • Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.  
  • Tilpassa opplegg etter nivå. 
  •  Me lagar til felles lunsj alle dagar. Det kan vera lurt å senda med borna litt niste og drikkeflaske i tillegg.
  • Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08:30 på måndags morgon.
  • Pris kr 3000,- for heile leiren, me sender faktura per mail. 
  • Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.

 

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar.

Grunna moglege endringar i restriksjonar grunna koronaviruset, blir det sendt ut faktura når me er sikre på at leiren kan gjennomførast.

Me gler oss til ei flott veke på sommarøya med kjekke born og hestar!



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline