Informasjonsskriv hausten 2016

Postet av Stord Hestesportlag den 10. Aug 2016

INFORMASJONSSKRIV HAUSTEN 2016

Det har skjedd store ting for Stord Hestesportsenter AS denne våren og sommaren. Frå 01.08.16 er me blitt eigarar av naboeigedomen til det eksisterande anlegget vårt, då me har kjøpt eigedomen til Arild Haukanes.Frå no av vil dette verta kalla Øvre stall og Øvre ridehall.

Rideskule:

Som følgje av at me utvidar har me tilsett Christine Sæle som rideskuleansvarleg. Christine skal i tillegg til å ha ansvar for rideskulehestane og kursa, og ha ansvar for ein del økonomi og administrasjon. Ho vil få kontor på Hestesportsenteret. Nina Aasheim er og tilsett i rideskulen.

Rideskulen skal utvidast med ein ekstra dag, og me jobbar med å kjøpe inn fleire rideskulehestar.

Rideskulen skal frå no av flyttast opp i Øvre stall, og skal nytte Øvre ridehall. Dette vil føre til betre kapasitet forridehallen på Hestesportsenteret. (Nedre hall)

Me jobbar ogfor å få til eit ridetilbod for nokre grupper på dagtid.

Vaktmeister:

Stord Hestesportsenter AS har tilsett Børre Blokhus og Tor Bjelland Johannessen som vaktmeistrar på anlegget. Dei vil dele på ein viss prosent stilling og vil ha ansvar for ulike faste oppgåver og førefallande oppgåver. Dette vil det koma meir informasjon om. Terje Aasheim kan og kontaktast for driftsrelaterte oppgåver.

Foring:

Foringsrutinar i Øvre Stall:Frokostforarar forar og tar ut i øvre stall, middagsforer forar når hestene er i luftegård ( ikkje beite), halvforarar tek inn hestene fredag, lørdag og søndag ettermiddag. Kveldsforarar forar helgedagar inkl. fredag.

Dei som har foringar på Hestesportsenteret vil få tilbod om å fortsetje.

Parkering:

Parkeringplassen for alle som benyttar Stord Hestesportsenter er på baksida av lageret , ved «frukthagen» og på plassen på oppsida av utebanen.

Det er ikkje tillate å parkere på baksida av stall 1 og 4 pga. sikkerhet. Det er berre tillate å parkere der når ein leverar varer, eller har ein jobb som skal utførast.

Lastebilane skal parkerast på oppsida av utebanen fram til ein finn ei løysing der bilane kan stå med straumtilførsel. Bilane som får straum vert fakturert med kr. 200 pr. mnd. til ein har fått på plass straummålarar.

Hestehengarar skal parkerast på nedsida av parkeringsplassen (der dei fleste står i dag), eller på parkeringsplassen ved utebanen. Ein kan ikkje stå langs lageret, då dette kan skapa farlege situasjonar.

Ro i stallen:

Stallen skal vera stengt etter kl. 2300. Dette må alle respektere.

Sikkerhet:

Det vil bli montert videoovervåking på ulike stader inne og ute på Hestesportsenteret. Dette er for sikkerhet i forhold til evt. innbrot og tjuveri, og for å kontrollere at alle fjernar skiten sin i banane.

Spon og pellets:

Det er sett opp eit «bur» til spon og pellets på lageret. Dette vart dessverre nødvendig pga stort svinn. Det vert utdeling på faste dagar, og treng ein noko utanom tek ein kontakt med ein av dei ansvarlege og gjer avtale om utlevering.

Tjuveri blant oppstallørar er ikkje tillete, og fører til oppseiing.

Dugnad:

Det vert fortsatt 25 timar pliktig dugnadsarbeid for alle oppstallørar. Dei som nyttar anlegget fast utan å vera oppstalla,og dei som har hestar på halvfor, har 12 t dugnad pr. år. Dette må ein sjølv sende inn på dugnadsskjema somdet ligg link tilpå heimesida. Ein har sjølv ansvar for at ein har nok timar. Dersom ein har jobba mindre enn ein skal, vert ein fakturert 400 kr pr time. Ta gjerne kontakt for å avtale kva du kan gjere på dugnadJ

Jubileum:

Stord Hestesportlag vert 40 år i år, og dette i tillegg til den store utvidinga av Stord Hestesportsenter må feirast! Me vil laga til ein fest for alle medlemmane om litt. Dette kjem det meir informasjon om.

Me håpar på fortsatt godt miljø og mange kjekke stunder med hest og hestesnakk i komande år!

Mvh Styret i Stord Hestesportsenter AS:

Atle Kyvik

Eirill Hatlevik

Siren Eldøy Hinderaker

Tor Bjelland Johannessen

Børre Blokhus

Terje Åsheim

Janet Fagerland

Ena Ulversøy


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline