Litt ny informasjon om rideskulen

Postet av Stord Hestesportlag den 11. Aug 2016

Rideskulen startar opp att i veke 34, og det vil vera kurs alle dagar utanom fredagar. Christine Sæle er rideskuleansvarleg, og med seg får ho Nina Aasheim.

Me har fått nokre nye kjekke hestar i rideskulen som du kan lesa meir om under fana "hestane våre".

Rideskulehestane har fått ny heim i øvre stall, som er på naboeigedomen me har overteke frå 01.08., og alle kursa vil gå i øvre hall. Velkommen til nytt kjekt år!!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline