Ledige stillingar i Stord Hestesportlag

Postet av Stord Hestesportlag den 11. Aug 2016

Ledige stillingar

Utleigeansvarleg for selskapslokalet Stalloftet

Stord Hestesportsenter AS har frå 01.08.16 overteke eigedomen til Arild Haukanes på Tyse. Me har med anna overteke selskapslokalet Stalloftet. Me søkjer etter ein person som skal vera ansvarleg for utleige av dette lokalet. Lokalet eignar seg til større selskap som bryllaup, konfirmasjon, dåp, bursdagar mm. Det kan og leigast ut til mindre samankomstar som barneselskap, kurslokale og anna.

Den som får denne jobben skal vera tilsett hos Stord Hestesportlag og vil ha eit tett samarbeid med styret, men vil likevel måtte kunne jobbe sjølvstendig og ta eigne val.

Løna vil vera provisjon av leigeinntektene.

Er dette noko du er interessert i, send søknad til Stord.hestesportlag@sklbb.no

Vaskar

I samband med utleige av selskapslokalet treng me personar som kan ta på seg å vaske etter at lokalet har vore utleigd. Personen/ane som får denne jobben må kunne vaske på dei dagane som er avtalt. Løn etter avtale.

Er dette noko du er interessert i, send søknad til Stord.hestesportlag@sklbb.no

Det er sjølvsagt mogleg at det er same person som leiger ut og vaskar.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline