Rideleir Veke 26

Stord Hestesportlag inviterer hesteglade born til ein aktiv og lærerik rideleir!

 

 Rideleiren vil føregå frå måndag 22. juni til og med fredag 26. juni mellom klokka 08:30 og 16:00. 


Grunna korona-viruset får ikkje personar som er smitta av korona, sitt i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand delta på leir.

 

Deltakarane må nytta eige rideutstyr (ridehjelm og  sikkerhetsvest). Ta kontakt dersom det er vanskeleg å skaffe utstyr. 

 

Me tar smitteførebyggande tiltak på alvor og fylgjer oppdatert vegledar frå NIF/NRYF. 

 

Me kan tilby:

  • Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.  
  • Tilpassa opplegg etter nivå. Grunna avstandsregelen må dei påmeldte ha gode nok ferdigheiter til å klare seg nokolunde sjølv, i forhold til stell og på-/avstiging.
  •  Felles lunsj.
  • Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08:30 på måndags morgon.
  • Pris kr 3000,- for heile leiren, må vera betalt før oppstart. Me sender faktura.
  • Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.

 

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar. 

Levert av IdrettenOnline