Rideleiren 26-30.2017

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Jul 2017

I veke 26 arrangerte me rideleir på Stord hestesportsenter.
Me hadde 9 kjekke jenter på leir hos oss.

Alle vart fort venar og me hadde mange kjekke leikar fyrste dagen. Me har ridd på kjepphester og hatt stevne i sprang og dressur, ridd på badetur til ådlandsvatnet med hestane og bada i kulturhuset. Me har og gjort stallarbeid og fora alle måltid kvar dag, jammen var jentene glade for at kokken Michelle sørgja for god mat heile veka.

Veka vart avslutta med eit lite sprangstevne der foreldre og besteforeldre fekk komme å sjå på, alle fekk sløyfer og fleire syntes det var trist å reise.

Me gleder oss til neste gong!


Fleire bileter i galleriet vårt.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.