L-Sprang Dag 1

Postet av Stord Hestesportlag den 21. Sep 2018


Til trass for eit par heftige regnbyger som nokre av deltakarane fekk oppleva under utandørsoppvarminga, gjekk første stemnedag veldig fint.

Dagen starta med ein distriktsklasse i 90 cm der Stord Hestesportlag sin eigen comeback-seniorrytter, Eirill Hatlevik, tok sigeren med Posilipo.  Ho fekk 0 hinderfeil og 73,5 i stilpoeng!

Klasse nr. 2 var også ein distriktsklasse der høgda var heva til 1,00 m. Her var det ein ekvipasje frå Bergen Rideklubb som stakk av med sigeren;  Alette Hordnes Hoff med hesten Natalie (II) vann med  0 hinderfeil og  79,0 i stilpoeng. Denne klassen inngår også som første avdeling i Stord Cup Minitur. 

 2. avdeling går i morgon, laurdag, og finalen går på  søndag. Resultat etter 1. avdeling finn de her.


Tredje klasse var  1,10 m, bedømming her var feil og tid. Sigeren gjekk til Vilde Neteland og Easy Belig frå Bergen Rideklubb. Dei vann med 0 feil og tida 37,15 i andre fase.


Klasse 4 inngår i Stord Cup Lilletur. Her går første og andre avdeling i nemnde høgde, medan finalen går søndag i 1,15 m høgd.
Førebels resultat for Lilleturen finn de her.

Klasse 04 var 1. avdeling i Stord Cup Storetur. Her var det Haugesund Rideklubb sin ekvipasje Tonje Heitmann Eide og Dion(II) som vann med 0 feil og tida 38,90. Her var i hinderhøgda 1,20 m
Stord Cup Storetur resultat finn de her.

Dagens høgaste  klasse var 1,30 m. Her var det ekvipasjen Sandra Bligaard og hesten Winny frå Jarlsberg og Melsom Rideklubb som vann. Dei hadde 0 hinderfeil med tida 57,42.

Så var det ponniane sin tur. I dei to siste klassane skulle ponniekvipasjane ri for best mogleg stilpoeng.
Først ut var LB-ponni der vår eiga  Mia Solemdal Djuve og Dio Steve G vann med 0 feil og 74,0 i stilpoeng 

Dagens siste klasse var LA-ponni. Dette var også 1. avdeling av Stord Cup ponnitur. Her var det Sandnes og Jæren Rideklubb sin ekvipasje Sebastian Kismul Børgesen og Face Facts som vann med 0 hinderfeil og 74 i stilpoeng!
Resultat Stord Cup finn de her.


Øvrige resultat ligg på equipe, samt startlister for morgondagen.


Me ynskjer deltakarar og publikum velkomen attende for ny stemnedag i morgon!
Stemnet startar kl 10:00 og held på utover ettermiddagen.

Vel møtt alle!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.