Påskeleir 29.-31.mars

Postet av Anne Marte Sævareid den 12. Mar 2021

Påskeleir 2021 (Veke 13)

Stord Hestesportlag inviterer hesteglade born til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!

 

 Rideleiren vil føregå frå måndag 29.mars til og med onsdag 31.mars mellom klokka 08:30 og 16:00. 


Grunna korona-viruset får ikkje personar som er smitta av korona, sitt i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand delta på leir.

 

Deltakarane må nytta eige rideutstyr (ridehjelm og  sikkerhetsvest). Ta kontakt dersom det er vanskeleg å skaffe utstyr. 

 

Me tar smitteførebyggande tiltak på alvor og fylgjer oppdatert vegledar frå NIF/NRYF. 

 

Me kan tilby:

  • Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.  
  • Tilpassa opplegg etter nivå. 
  •  Me lagar til felles lunsj alle dagar. Det kan vera lurt å senda med borna litt niste og vannflaske i tillegg.
  • Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08:30 på måndags morgon.
  • Pris kr 1800,- for heile leiren, me sender faktura per mail. 
  • Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.

 

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med påskeleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar.

Grunna moglege endringar i restriksjonar grunna koronaviruset, blir det sendt ut faktura når me er sikre på at leiren kan gjennomførast.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.