Dressurstemne 20.-21. januar 2018

Postet av Stord Hestesportlag den 21. Jan 2018

I helga har me arrangert årets første stemne som var eit distriktstemne i dressur. Eva Hauge var dommar 1,  Kjersti Anette Botnevik var dommaraspirant og Ingunn Anundskås var steward.  Me hadde totalt 21 ekvipasjar til start, 5 deltakarar var tilreisande frå Fusa Hestesportlag, Moldegaard Ryttersportklubb og Nord Karmøy Rideklubb, resten var lokale klubbmedlemar.

Laurdag hadde me to klasser, Hest LC og Hest LB. Desse klassane hadde og innlagt klubbmeisterskap.

Hest LC hadde 10 startande, og derav 3 plasserte i klassen. Eirinn Hesvik Ljones og Willehart frå Fusa stakk av med sigeren med eit snittprosent på 65,20 . Andreplassen gjekk også til Fusa, Katrine Årteig og Oberst Rohde med snittprosent på 63,60. Tredjeplassen gjekk til Mia Solemdal Djuve og Dio Stevie G, frå Stord Hestesportlag med snittprosent på 62,20. 


I LC hadde me og klubbmeisterskap der dei tre beste frå Stord Hestesportlag vart premierte. Vinnar vart Mia Solemdal Djuve med Dio Stevie G, andreplassen gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel og tredjeplassen gjekk til Kajsa Brynlund og Titan. 

I LB hadde me seks startande. Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel vann klassen med snittprosent på 63,84. Andreplass gjekk til Fusa:  Eirinn Hesvik Ljones og Willehart fekk ein snittprosent på 63,46. Her var det ikkje så mange startande frå Stord Hestesportlag, og difor vart det berre ein førsteplass i klubbmeisterskapet. Denne gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel. 

Søndag var det tre klassar; LC, LB og LA.  LB og LA er og 2. avdeling i Hordaland Rytterkrets sin vintercup i dressur. 

LC vart vunne av Eirinn Hesvik Ljones og Willehart frå Fusa med snittprosent på 64,30, andreplassen gjekk til Hanne Hellesen Aasheim og Action-Go frå Stord Hestesportlag snittprosent på 61,8, og  tredjeplassen gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel med snittprosent på 61,6.

LB vart og vunne av Eirinn Hesvik Ljones og Willehart frå Fusa med snittprosent på 64,61, og andreplassen gjekk til Monica Finsrud Grimstad og Coeur de Caramel med snittprosent på 64,42.

LA vart gjennomført utan premiering, då det berre var to startande: Silje Hatlevik frå Stord Hestesportlag og Igor Van Het Wingerdhof som reid til 65,33 prosent  og Sara Jordan Kraavik og Røgilds Boromi som reid til 66,66 prosent. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.