Distriktstemne sprang inkl 3.avd Hordalands Vintercup

Postet av Stord Hestesportlag den 11. Feb 2018

I helga gjennomførte Stord Hestesportlag distriktstemne i sprang. Me hadde 51 påmeldte ekvipasjer fordelt på laurdag og søndag.

Overdommer var frå klubben, Marianne Hansen Heggøy. Itillegg hadde me ein tilreisande dommeraspirant, Karoline Forselius. Laurdag hadde me nokre feil og stil klassar, der Hege Røed dømte. Hu hadde også med seg hestebutikk denne dagen, Horze Bergen.
Steward heile helga var Ingunn Anundskås og banebyggar Christian Hoff.

Laurdag hadde me 52 startande. Klasse 06 - Hest 0,80m, kl. 07 - Hest 1,00m og  kl. 09 - Hest 1,20 var del av Hordalands Vintercup.

Søndag hadde me 62 startande ekvipasjer. Her hadde me også 3 klasser som inngjekk i Hordalands Vintercup. Klasse 11 - Hest 0,80, Kl. 15 - Hest 1,00m og kl. 17 - 1,20.

Resultat på klassene finn dykk på horsepro.no. 


Open kiosk begge dagar med både varm og kald mat, kaker og mykje anna godt.

Me treng ein del dugnadsånd når me arrangerar stemne, kioskpersonell, banemannskap, bistand i dommerbod og øvrige poster. Me har mange flinke deltakarar i sving når me arrangerar stemne. 


(Kiosken, f.v. Monica Grimsrud, Margrethe Morken)

(Dommerbod. f.v. Overdommer: Marianne H. Heggøy, dommeraspirant: Karoline Forselius, skrivar: Camilla Nes, skrivar: Elisabeth Sæle. Speaker og stemneleiar: Siren Hinderaker. Me har også tidtaker(e) i dommerboda)




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.