Rideleir Veke 9

Postet av Stord Hestesportlag den 3. Feb 2022

Rideleir 28.02. - 02.03. 2022 (Veke 9)

Stord Hestesportlag inviterer hesteglade born til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!

 Rideleiren vil føregå frå måndag 28.februar til og med onsdag 02.mars mellom klokka 08:30 og 16:00. 



Grunna korona-viruset får ikkje personar som er smitta av korona, sitt i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand delta på leir.

 

Deltakarane må nytta eige rideutstyr (ridehjelm og  sikkerhetsvest). Ta kontakt dersom det er vanskeleg å skaffe utstyr. 

 

Me tilbyr mange ulike aktivitetar, både med og utan hest. Det blir tilpassa opplegg etter nivå.

Me lagar til felles lunsj alle dagar. Det kan vera lurt å senda med borna litt niste og drikkeflaske i tillegg.

Oppmøte ved rideskulen på Tyse (Stord Hestesportsenter) klokka 08:30 måndags morgon.

Pris 2000,- for heile leiren, me sender faktura per mail.

Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir. Nedre aldersgrense for leiren er 7år.

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar.





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.