Haustleir veke 41

Postet av Stord Hestesportlag den 22. Sep 2022

Rideleir 10.10. - 12.10. 2022 (Veke 41)

Stord Hestesportlag inviterer til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!

 

 Rideleiren vil føregå frå måndag 10.oktober til og med onsdag 12.oktober klokka 08:30 - 16:00, det er mogleg å møta frå 08:00.


Me anbefalar at deltakarane har eige utstyr, dei som treng å låna vest/hjelm skriv det i påmeldinga.

 

 

Rideleiren:

  • Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.  
  • Tilpassa opplegg etter nivå. 
  •  Me lagar til felles lunsj alle dagar. 
  • Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08:00-08:30 på måndags morgon.
  • Pris kr 2000,- for heile leiren, me sender faktura per mail. 
  • Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.
  • Nedre aldersgrense er frå det året bornet vert 8år.

 

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar. 

Det er fleire som har tatt kontakt ang. plass på rideleir tidlegare, me ber om at dykk sende ny mail med påmelding for å vera sikra plass.

Det er bindande påmelding, faktura sendast ut via mail på forskot og skal vera betalt innan leiren startar på måndag 10.10.

Me gler oss til flotte dagar  saman med kjekke born og hestar!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.