Rideleir veke 32

Postet av Anne Marte Sævareid den 28. Mai 2024

🐴Rideleir veke 32 🦄


Rideleir 05.08. - 09.08. 2024 (Veke 32)

Stord Hestesportlag inviterer til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!

 

Grunna fleire store arrangement hjå oss i starten av sumaren vert det diverre ikkje rideleir før i august. Rideleiren vil føregå frå måndag 7.august til og med fredag 11.august klokka 08:30 - 16:00, det er mogleg å møta frå 08:00.


Me anbefalar at deltakarane har eige utstyr, dei som treng å låna vest/hjelm skriv det i påmeldinga.

 

 

Rideleiren:

  • Månge ulike aktiviteter, både med og utan hest.  
  • Tilpassa opplegg etter alder og nivå. 
  • Ingen krav til forkunnskaper for å delta.
  •  Me lagar til felles lunsj alle dagar. 
  • Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08:00-08:30 måndags morgon.
  • Pris kr 3500,- for heile leiren, me sender faktura per mail. 
  • Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.
  • Nedre aldersgrense er frå det året bornet vert 8år.
  • "stemne" etter nivå på fredag der dei som ynskjer kan møta opp for å sjå deltakarane.
  • Det er mogleg å ta med eigen hest om me har ledig oppstalling.

 

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar. 

Det er fleire som har tatt kontakt ang. plass på rideleir tidlegare, me ber om at dykk sende ny mail med påmelding for å vera sikra plass.

Det er bindande påmelding, faktura sendast ut via mail på forskot og skal vera betalt innan leiren startar på måndag 05.08.

Me gler oss til ei flott veke på sommarøya saman med dykk.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.