Reglar og rutinar for senteret
Ver grei med kvarandre, snakk med respekt og hjelp kvarandre
- Stallen er hestane sin heim. Opptre difor roleg, og ikkje spring i stallen. Bruk innestemme.
- Hesteeigar er ansvarleg for å informere eigne hestepassarar om stallen og senteret sine reglar.
- Hestesportsenteret står for fôring av frukost og middag måndag til fredag utanom raude dagar. Det vert sett opp eigne lister over kven som har ansvar for kveldsfòring og helgefòringar. Fòring skal gjerast til fastsette tider- frokost kl. 7.30 middag kl.13 og kvelds kl. 20.
- Dersom ein tek fòringar for dei som har gløymt fôringa si så får du dette godskrive på dugnadstimane dine.( 2 timar)
- Rideskulen forar kvelds sjølv i vekedagar og middag i helger, dei slepp også ut hestane sjølv i helger.
- Om du vel å selje fôringa di er prisen sett til 400,- for kvelds fòringar man-torsdag 400,- for kveld fre-sundag, kr 300,- for middag og 400,- for frukostar. Du har sjølv ansvar for å skaffa person til fòring.
Fyrste mann/kvinne til mølla prinsippet gjeld om du vel å legge fôringa di ut på Facebooksida.
- Framande hestar har ikkje tilgang til stallane med mindre dei har vist vaksinasjonskort til personalet eller sekretariatet ved stemner.
- Hestar skal leiast i grime og leietau, eller med hodelag. Ikkje bind hesten i hodelag.
- Bruk hjelm ved riding og køyring. Sikkerhetsvest er påbudt ved sprangtrening/ konkurranse for alle som er 18 år eller yngre.
- I tider på året der det er mørkt/skumring ute er det viktig å vera synleg for bilister og andre for tryggleik for alle. Alle er pålagt å bruke tydeleg refleks på seg og hesten. Vest og beinrefleks/dekken er minimum.
- Du skal fjerne møkk frå ridebaner og uteområde, samt frå veier/fortau/lysløype når du er ute på tur.
- Boksen må møkkast kvar dag og luftegarden minst tre gonger i veka. Tømming skjer på anvist plass.
- Utstyr skal oppbevarast på anvist plass. Hald orden. Hold rømingsvegar fri.
- Maks 2 dekken hengande på boksdøra. Grime og leietau må vere lett tilgjengeleg til kvar hest i tilfelle evakuering ved til dømes brann.
- Hundar skal haldast i band, og ikkje vera til uro for nokon. Hundar har ikkje tilgang til forrommet.
- Kost stallgongen kvar dag, slik at det er reint og triveleg i stallen.
- Bruk parkeringsplassen, anten sør eller nord. Av- og på lasting av hest skal skje ved nedre parkering.
- Røyking er berre tillat på anvist plass.
- Husk at det er alle sitt ansvar at me har eit godt miljø i stallen – snakk høfleg og fint om, og til kvarandre.
- Alle som nyttar anlegget fast skal anten vere oppstallør eller betale anleggsleige. Det er og krav om medlemskap i anten Stord Hestesportlag eller Sunnhordland Travlag.
- Leige skal betalast innan den 01. i kvar månad og det vert sendt ut faktura. Ved purring blir det lagt til eit purregebyr på kr. 100,- pr purring. Ved ubetalt leige kan stallplass verte sagt opp med umiddelbar verknad.
- Alle dører ut til luftegård skal vere stengt om natta i perioden 01.oktober- 01.April og elles ved ekstremver/kulde der styret ser det nødvendig med lukking. Det gis kun dispensasjon ved framlegg av gyldig attest frå veterinær.
- I vinterhalvåret må alle huske å holde ytterdører og mellomdører lukka.
- Alle som rir må bruke hjelm og sko med hel.
- Barn og unge under 18 år må nytte sikkerhetsvest under sprangtrening.
- Ri til høgre for kvarandre, venstre skulder mot venstre skulder
- Ikkje ri i breidda.
- Firkantsporet har forkøyrsrett.
- Det er ikkje tillete å nytta øyreproppar eller scrolle på telefonen medan du rir.
- Husk å fjerne hestemøkk frå banen så snart som råd.
- Hestar skal ikkje sleppast laus i nedre ridehall og øvre utebane.
- Longsjering er tillete når det er 3 eller færre ekvpasjar som rir, både inne og ute og må alltid klarerast med ridande ekvipasjar.
- Eigentrening med hinder utanom oppsatte tider må klarerast med styret og det må vera ein person over 18 tilstede.
- Dei som nyttar sprang eller køyretid må legge ut melding om dette på FB sida i god tid, helst dagen før.
Nedre utebane: Det er ikkje tillete å sleppa hestar i nedre utebane mellom kl.16.30-19 i vekedagar og mellom 11-16 i helgar, dette gjeld særleg vår, sumar og haust, bruk skjønn.
Hest som sleppes i banen kan nytte maks 30 min og ein må rake eventuelle spor i sanden samt fjerne hesteskit.
Hest som er laus i banen skal ha oppsyn heile tida og må fangast inn dersom andre skal ri/ longsjere. Ved kø for å sleppa hest laus er det maks 15 min pr. hest
Det er ikkje tillete å fora hesten i ridebanane.
Nedre ridehall: Longsjering er tillete ved færre enn 3 personar, men må klarerast med evnt ridande.
Ved førehandsavtale om longsjering for instruktør i forbindelse med organisert trening er dette tillete, men ikkje elles.
Er det mange som nyttar hallen under organisert trening bør ein unngå å leie hesten inne, unntak ved svært dårleg ver, men vis omsyn eller vent til det er færre ekvipasjar.
Vis omsyn og begrens verbale hjelparar då dette kan forstyrre andre hestar/ ryttarar.
Det er ikkje tillete å sleppe hest laus i ridehallen.
Ved longsjering må djupe spor eller merker etter rulling rakast vekk.
Øvre hall: Er tillete for slepping av hest i helger og elles når det ikkje er rideskule.
Fjern hesteskit etter deg og rak vekk evnt hol i banen etter deg.
Øvre utebane: Det er ikkje tillete å sleppe hest laus i øvre utebane.
Fjern skit så snart som råd.
