Oversikt og prisar


Me tilbyr ulike ridekurs som passar for nybyrjarar, vidarekomne eller til deg midt i mellom. Me har også eigne kurs for vaksne.


Eit kurs varer i cirka 10 veker og følger alltid skuleruta. Prisen for eit kurs er 2500 kroner medan voltigekurs er 1500 kroner.

Me tilbyr ikkje enkelt- eller drop-in-timar.


Målet vårt er at elevane våre skal læra mest mogleg om hest, riding og alt som høyrer med. Difor har me varierte kurs som består av baneriding, tur, stelling, voltige, teori og mykje meir. 

 

Grunna få store hestar i rideskulen må me be personar rundt 75 kg eller meir om å informera om dette i påmeldinga.

Me tek ikkje inn born under 7 år. Me ber også føresette vurdera om bornet klarar å følgja vanleg undervisning på 45 minutt saman med andre born. 


Alle som går på kurs i rideskulen må vera medlem av Stord Hestesportlag.

Sjå skjema under:

Bli-medlem-i-Stord-hestesportlag.docx


Det er bindande påmelding til ridekurs når ein har takka ja. Difor blir ein fakturert uansett oppmøte. Alle elevar har fast plass, fram til ein seier opp plassen. 



Rideleir:
Neste rideleir vert i haustferien.


Alle ridekurskurs er for tida fulle. Dersom du ynskjer å setta deg på ventelista sender du ein e-post med namn på elev, alder og tidlegare rideerfaring til rideskule@stordhestesportlag.no


Spørsmål? 

Anne Marte Sævareid, rideskuleansvarleg 

mobil 97 48 46 82
rideskule@stordhestesportlag.no



Hausten 2021 (veke 34-44)

Klokkeslett:Kurs:
Måndag
16:00-16:45
Lett øvde

17:00-17:45Lett øvde mot sprang

18:00-18:45
Lett øvde

19:00-19:45Sprang



Tysdag16:00-16:45
Nybyrjarar

17:00-17:45
Nybyrjarar

18:00-18:45Øvde

19:00-19:45Sprang



Onsdag16:00-16:45Nybyrjarar

17:00-17:45Lett øvde

18:00-18:45Øvde


19:00-19:45Voltige



Torsdag16:15-17:00Nybyrjar/lett øvde vaksne

17:00-17:45
Nybyrjarar

18:00-18:45Lett øvde

19:00-19:45Vaksen vidarekomne



Levert av IdrettenOnline