Bli Medlem - Stord Hestesportlag



For å halda medlemsregisteret vårt oppdatert treng me følgjande opplysningar:


- Namn, adressa, telefonnummer, mailadressa og fødselsdato på alle familiemedlemmar som skal meldast inn i Stord hestesportlag  


- Medlemskap med Hestesport – senior (over 18 år) kr 450,-


- Medlemskap med Hestesport – junior (under 18 år) kr 350,- 


- Familiemedlemskap med Hestesport kr 600,- 


For spørsmål, send mail til enaulv@gmail.com
For deg som går i rideskulen, og treng meir informasjon om medlemskap. Ta kontakt med rideskuleansvarleg Anne Marte. 

Bruk av anlegget for andre enn dei som står oppstalla på senteret er 3000 kroner pr år. Eventuelt 100 kroner per gong.  Dette skal 
betalast inn på konto til Hestesportsenteret (1503 51 72952). 



Forpliktelsar ved medlemskap:


Overhalda NIF, og  organisasjonsledda under, samt Stord Hestesportlag,  sine lover og reglar.


Ikkje opptre på ein slik måte at medlemmen si åtferd er til skade for Stord Hestesportlag sitt virke.


Bidra positivt til å styrka samhold og  godt miljø blant klubben sine medlemmar.


Avstå frå uttalelsar til media der det er fare for at andre medlemmer eller klubben vert sett i vanry.


Det må heller ikkje forekomme uttalelser som fremjar eigne interesser.


Ein søkjar kan ikkje verta teken opp som medlem utan at økonomiske forpliktelsar til andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp.


Medlemskap i klubben er først gyldig frå den dagen første kontingent er betalt.