Oppstalling på senteret 


✨Me har ledig boksplass, ta kontakt ved interesse.✨

Store lyse boksar med tilknytt luftegard, alle får eigne romslege utstyrsrom.

Høy, spon og kraftfôr betalar ein etter forbruk.

For oppstallørar er baneleige og bruk av anlegget inkludert.

Det er 50 timer dugnadsplikt i året for alle oppstallørar, 25 timar er retta mot anlegget og 25 timar er retta på arrangement.

Sjå dokument under for meir informasjon og vilkår for oppstalling.

KONTRAKT-FOR-OPPSTALLING-VED-STORD-HESTESPORTSENTER-rev.-NOV-2020.docx


Ta kontakt på oppstallor@stordhestesportlag.no 



Baneleiga og bruk av anlegget

Det kostar 3000 kroner i året for å bruka anlegget for dei som ikkje står oppstalla. Avgifta er mogleg å dela opp i to terminar (januar-juni og juli-desember). Ein kan også betala 100 kroner i timen for baneleiga. Det vert sendt ut faktura per mail.


Det er 12 timar dugnadsplikt for faste brukarar av anlegget.


Dei som brukar anlegget fast må vera medlem av Stord Hestesportlag eller Sunnhordland Travlag.