Rideleir veke 41

Postet av Anne Marte Sævareid den 4. Sep 2020

Rideleir i haustferien.

Stord Hestesportlag inviterer hesteglade born til ein aktiv og lærerik rideleir!


 Rideleiren vil føregå frå måndag 05. oktober til og med onsdag 07.oktober mellom klokka 08:30 og 16:00. 


Grunna korona-viruset får ikkje personar som er smitta av korona, sitt i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand delta på leir.


Deltakarane må nytta eige rideutstyr (ridehjelm og  sikkerhetsvest). Ta kontakt dersom det er vanskeleg å skaffe utstyr. 


Me kan tilby:

Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.  

Tilpassa opplegg etter nivå.

 Felleslunsj 

Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08:30 på måndags morgon.

Pris kr 1800,- for heile leiren, må vera betalt før oppstart. Me sender faktura.

Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.

 

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.