Haustleir veke 41

Postet av Stord Hestesportlag den 14. Sep 2021

Rideleir 11.10. - 13.10. 2021 (Veke 41)

Stord Hestesportlag inviterer hesteglade born til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!

 Rideleiren vil føregå frå måndag 11.oktober til og med onsdag 13.oktober mellom klokka 08:30 og 16:00. 



Grunna korona-viruset får ikkje personar som er smitta av korona, sitt i karantene eller har symptom på luftvegsinfeksjon, feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand delta på leir.

 

Deltakarane må nytta eige rideutstyr (ridehjelm og  sikkerhetsvest). Ta kontakt dersom det er vanskeleg å skaffe utstyr. 

 

Me tar smitteførebyggande tiltak på alvor og fylgjer oppdatert vegledar frå NIF/NRYF. 

 Me tilbyr mange ulike aktivitetar, både med og utan hest. Det blir tilpassa opplegg etter nivå.

Me lagar til felles lunsj alle dagar. Det kan vera lurt å senda med borna litt niste og drikkeflaske i tillegg.

Oppmøte ved rideskulen på Tyse (Stord Hestesportsenter) klokka 08:30 måndags morgon.

Pris 1800,- for heile leiren, me sender faktura per mail.

Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir. Nedre aldersgrense for leiren er 7år.

For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar.

Grunna moglege endringar i restriksjonar grunna koronaviruset, blir det sendt ut faktura når me er sikre på at leiren kan gjennomførast.





0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline