Støtt Stord Hestesportlag og få bonus på kjøpet!
Postet av Stord Hestesportlag den 24. sep 2026
Ta vare på hestedekkenet
For oss som held på med hest, er Arita Home Tekstilimpregnering eit nyttig tips. Ho eignar seg godt til behandling av hestedekken og vernar tekstilane mot vatn, smuss og flekkar, samstundes som stoffet beheld pusteevna. Du kan òg bruka impregneringa på mellom anna klede, sko og ryggsekker.
Alle produkta gir støtte til klubben
Hos Arita Brands finn du også reingjeringsprodukt til hus og hytte, vedlikehaldsprodukt til båten og glidar til skiene. Uansett kva du vel, får klubben støtte når du handlar via oss.
Du tener dessutan opp bonuspoeng tilsvarande 5% av kjøpesummen, som du kan bruka til rabatt på seinare kjøp.
Slik kjem du i gang: Klikk på eit Arita Brands-banner her på heimesida vår, eller lenkja over, og handla som vanleg. Arita Brands tek seg av bestilling og levering.
Takk for at du støttar Stord Hestesportlag. Kvar handel er eit bidrag til det me får til saman!
Sakliste til årsmøte (27.03.25)
Postet av Stord Hestesportlag den 20. mar 2025
Sakliste og øvrige dokumenter ifb årsmøte er lasta opp i dokumentarkivet.
Trykk her for å komme direkte til filene.
Årsmøtet vert avholdt i kafeen på nedre stall, Stord Hestesportsenter.
27.03.25, kl. 19:00
Vel møtt!

Innkalling til årsmøte 2025
Postet av Stord Hestesportlag den 2. mar 2025
Årsmøte 2025 - Stord Hestesportlag
Dato: 27.03.25, kl. 19:00
Stad: Kafeen nedre stall, Stord Hestesportsenter.
Trykk her for å kome til fullstendig innkalling i arkivet.
Mvh
Styret, Stord Hestesportlag.
Rideleir i vinterferien!
Postet av Stord Hestesportlag den 12. feb 2023
Stord Hestesportlag inviterer til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!
Rideleiren vil er frå måndag 27. februar til og med 1. mars (3 dagar)
Oppmøte klokka 08:30 - 16:00, det er mogleg å møta frå 08:00.
Om rideleiren
- Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.
- Tilpassa opplegg etter nivå.
- Me lagar til felles lunsj alle dagar.
- Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08.30
- Pris kr 2000,-
- Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.
- Nedre aldersgrense er frå det året bornet vert 8 år.
For påmelding, send ein e-post til rideskule@stordhestesportlag.no
Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar.
Det er fleire som har tatt kontakt ang. plass på rideleir tidlegare, me ber om at dykk sende ny mail med påmelding for å vera sikra plass.
Det er bindande påmelding og faktura vera betalt innan leiren startar 27.02.
Me gler oss til flotte dagar saman med kjekke born og hestar!

Haustleir veke 41
Postet av Stord Hestesportlag den 22. sep 2022
Rideleir 10.10. - 12.10. 2022 (Veke 41)
Stord Hestesportlag inviterer til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!
Rideleiren vil føregå frå måndag 10.oktober til og med onsdag 12.oktober klokka 08:30 - 16:00, det er mogleg å møta frå 08:00.
Me anbefalar at deltakarane har eige utstyr, dei som treng å låna vest/hjelm skriv det i påmeldinga.

Rideleiren:
- Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.
- Tilpassa opplegg etter nivå.
- Me lagar til felles lunsj alle dagar.
- Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08:00-08:30 på måndags morgon.
- Pris kr 2000,- for heile leiren, me sender faktura per mail.
- Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.
- Nedre aldersgrense er frå det året bornet vert 8år.
For påmelding og meir informasjon, send mail til rideskule@stordhestesportlag.no
Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar.
Det er fleire som har tatt kontakt ang. plass på rideleir tidlegare, me ber om at dykk sende ny mail med påmelding for å vera sikra plass.
Det er bindande påmelding, faktura sendast ut via mail på forskot og skal vera betalt innan leiren startar på måndag 10.10.
Me gler oss til flotte dagar saman med kjekke born og hestar!
