Innkalling til årsmøte i Stord Hestesportlag

Postet av Stord Hestesportlag den 22. Feb 2023

Til medlemmene i Stord Hestesportlag

Innkalling til årsmøte i Stord Hestesportlag

Styret innkallar alle medlemmene til årsmøte.

Årsmøtet vert avhalden 22. mars 2023 kl. 19.30 i kaféen på nedre stall.

Saker som ein ynskjer å få behandla på årsmøtet må sendast minimum to veker før møtet, innan 8. mars 2023.

Saka/ene skal sendast til kontakt@stordhestesportlag.no og skal merkast «sak til årsmøtet».

Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil verta gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet.

Desse vert publisert til gjennomsyn på www.stordhestesportlag.no i filarkivet under mappa «Årsmøter», og på facebooksida.

For å ha røysterett og velgjast til verv må ein ha vore medlem i Stord Hestesportlag i minst ein månad og fylla 15 år i det inneverande kalenderår, og ha gjort opp sine økonomiske forpliktingar til Stord Hestesporlag. Alle medlemmer har uansett møterett, talerett og forslagsrett.

Velkommen til årsmøte!

Med venleg helsing styret




Rideleir i vinterferien!

Postet av Stord Hestesportlag den 12. Feb 2023

Stord Hestesportlag inviterer til ein aktiv, sosial og lærerik rideleir!

Rideleiren vil er frå måndag 27. februar til og med 1. mars (3 dagar)

Oppmøte klokka 08:30 - 16:00, det er mogleg å møta frå 08:00.

Om rideleiren

  • Mange ulike aktivitetar, både med og utan hest.  
  • Tilpassa opplegg etter nivå. 
  •  Me lagar til felles lunsj alle dagar. 
  • Oppmøte ved rideskulen (Stalloftet) klokka 08.30
  • Pris kr 2000,-
  • Grunna begrensa antal store hestar på stallen, ber me om tilbakemelding dersom bornet veg rundt 75 kg eller meir.
  • Nedre aldersgrense er frå det året bornet vert 8 år.

For påmelding, send ein e-post til rideskule@stordhestesportlag.no           

Merk mailen med rideleir, påmelding skal innehalde namn, alder og nivå på deltakar. 

Det er fleire som har tatt kontakt ang. plass på rideleir tidlegare, me ber om at dykk sende ny mail med påmelding for å vera sikra plass.

Det er bindande påmelding og faktura vera betalt innan leiren startar 27.02.

Me gler oss til flotte dagar  saman med kjekke born og hestar!